Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorKleiven, Ole Tormod
dc.contributor.authorSeljeset, Elin
dc.date.accessioned2016-06-24T12:47:27Z
dc.date.available2016-06-24T12:47:27Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2394103
dc.descriptionBachelor i sjukepleie SK 152nb_NO
dc.description.abstractBakgrunn: Temaet blei valt mykje grunna eit spesielt møte med HIV-positiv pasient i ei sjukehusavdeling i tillegg til at eg som student og framtidig sjukepleiar ynskjer å kunne møte desse pasientane med eit meir heilskapleg syn. Problemstilling: Korleis kan sjukepleiarane sine haldningar til HIV-smitte føre til stigmatisering av HIV-positive pasientar innlagt på sjukehus? Framgangsmåte: Litteraturstudie. Funn og konklusjon: HIV er ein relativt sjeldan sjukdom i Noreg, og det er difor ei pasientgruppe ein som sjukepleiar ikkje møter så ofte i forbindelse med vanlege sjukehusinnleggingar. Funna frå forskinga tyder på at kvar enkelt sjukepleiar treng meir kunnskap om sjukdommen for at vi skal klare å møte desse pasientane på ein god måte og oppnå gode terapeutiske relasjonar. Alle bærer med seg haldningane sine heile tida, òg sjukepleiarane, og dersom ein har lite eller mangelfull kunnskap om HIV, kan det føre til fordommar og stigmatisering mot pasientane. Dei dårlege haldningane kan ein dessverre overføre til eventuelle sjukepleiarstudentar ein er kontakt for, og kanskje andre sjukepleiarar. Det er difor svært nødvendig å auke undervisningsmengda om temaet på utdanningsnivå, få sett i verk intern undervisning i avdelingane, og i tillegg må sjukepleiarane med erfaring rettleie kollegaane sine for å unngå stigmatisering. Ved at ein er klar over korleis sjukdommen smittar og kva førehandsreglar som er gjeldane, kan fordommane fjernast og haldningane betrast. Vi vil då få tryggare helsepersonell og pasientar som føler seg tryggare i møte med dei.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectHIVnb_NO
dc.subjectstigmatiseringnb_NO
dc.subjecthaldningarnb_NO
dc.subjectsjukepleiararnb_NO
dc.titleSjukepleiaren i møte med den HIV-positive pasientennb_NO
dc.title.alternativeKorleis kan sjukepleiarane sine haldningar til HIV-smitte føre til stigmatisering av HIV-positive pasientar innlagt på sjukehus?nb_NO
dc.title.alternativeThe nurse in encounter with the HIV-positive patientnb_NO
dc.title.alternativeHow can nurses´ attitudes towards HIV-infection lead to stigmatization of the HIV-positive patients admitted to the hospital?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber20nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel