Sjukepleiaren i møte med den HIV-positive pasienten
Abstract
Bakgrunn: Temaet blei valt mykje grunna eit spesielt møte med HIV-positiv pasient i ei sjukehusavdeling i tillegg til at eg som student og framtidig sjukepleiar ynskjer å kunne møte desse pasientane med eit meir heilskapleg syn.
Problemstilling: Korleis kan sjukepleiarane sine haldningar til HIV-smitte føre til stigmatisering av
HIV-positive pasientar innlagt på sjukehus?
Framgangsmåte: Litteraturstudie.
Funn og konklusjon: HIV er ein relativt sjeldan sjukdom i Noreg, og det er difor ei pasientgruppe ein
som sjukepleiar ikkje møter så ofte i forbindelse med vanlege sjukehusinnleggingar. Funna frå forskinga tyder på at kvar enkelt sjukepleiar treng meir kunnskap om sjukdommen for at vi skal klare
å møte desse pasientane på ein god måte og oppnå gode terapeutiske relasjonar. Alle bærer med seg
haldningane sine heile tida, òg sjukepleiarane, og dersom ein har lite eller mangelfull kunnskap om
HIV, kan det føre til fordommar og stigmatisering mot pasientane. Dei dårlege haldningane kan ein
dessverre overføre til eventuelle sjukepleiarstudentar ein er kontakt for, og kanskje andre sjukepleiarar. Det er difor svært nødvendig å auke undervisningsmengda om temaet på utdanningsnivå, få sett i verk intern undervisning i avdelingane, og i tillegg må sjukepleiarane med erfaring rettleie kollegaane sine for å unngå stigmatisering. Ved at ein er klar over korleis sjukdommen smittar og kva førehandsreglar som er gjeldane, kan fordommane fjernast og haldningane betrast. Vi vil då få tryggare helsepersonell og pasientar som føler seg tryggare i møte med dei.
Description
Bachelor i sjukepleie SK 152