Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaugsbø, Gunn Marit
dc.date.accessioned2016-05-03T08:05:01Z
dc.date.available2016-05-03T08:05:01Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2388321
dc.descriptionMR690 Masteroppgåve i organisasjon og leiing 16.10.2015nb_NO
dc.description.abstractI denne studien blir søkelyset retta mot korleis hovudtillitsvalde opplever samarbeidet med arbeidsgjevar i kommunane. Gjennom dette blir det søkt å identifisere faktorar som påverkar partssamarbeidet i utviklingsorientert retning. Det blir også retta fokus mot hovudtillitsvalde si rolleforståing som part og aktør i det lokale skulesamarbeidet. Målet med studien er å søke ei djupare forståing for korleis arbeidsgjevar og hovudtillitsvalde kan samarbeide for å bidra til skuleutvikling. Undersøkinga er gjennomført som ein kvantitativ studie der Utdanningsforbundet sine hovudtillitsvalde i åtte fylke har svart på ei elektronisk spørjeundersøking. Presentasjon av data blir gjort gjennom skjema, tekst og sitat frå kommentarfelt i undersøkinga, og dette vert analysert i lys av den valde teorien, tidlegare forsking på temaet partssamarbeid og i tillegg eiga forståing. Den teorietiske ramma for arbeidet tek utgangspunkt i teori om organisasjonslæring, utviklingskultur og rolleomgrepet. Hovudfunn: Arbeidsgjevar er ryddig og ansvarleg i oppfølginga av avtaleverket, og partane har felles eigarskap til visjonar og overordna mål. Skuleutvikling er òg eit sentralt tema i samarbeidet mellom partane, men involveringa i prosessarbeidet ser ut til å vere mangelfull. Både arbeidsgjevar og dei tillitsvalde legg truleg større vekt på å avklare spørsmål i tradisjonelle driftssaker enn å samarbeide om korleis ein i fellesskap kan styrke utviklingskrafta i skulesektoren. Dette kan knytast til rolleforståing, og haldningar til kva saker ein skal og kan samarbeide om hos begge partar. Studien konkluderer med at vilkåra for eit utviklingsorientert partssamarbeid i hovudsak er til stades i dei kommunale strukturane. Det avgjerande er korleis partane evnar å ta i bruk arenaene som fins, og korleis dei arbeider saman i utviklingsprosessar. Rolleforståing ser ut til å vere ein nøkkelfaktor.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectPartssamarbeid på kommunenivånb_NO
dc.subjectTillitsvaldrollanb_NO
dc.subjectRollen som tillitsvalgtnb_NO
dc.subjectSamhandlingnb_NO
dc.subjectUtviklingskulturnb_NO
dc.subjectSkoleutviklingnb_NO
dc.subjectAktørnb_NO
dc.titlePartssamarbeid – ein nøkkel til lokal skuleutvikling?: Ein kvantitativ studie blant Utdanningsforbundet sine hovudtillitsvalde i åtte fylkenb_NO
dc.title.alternativeCollaborative partnerships – a key to local schools development?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber91nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel