Partssamarbeid – ein nøkkel til lokal skuleutvikling?: Ein kvantitativ studie blant Utdanningsforbundet sine hovudtillitsvalde i åtte fylke
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2388321Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne studien blir søkelyset retta mot korleis hovudtillitsvalde opplever samarbeidet med arbeidsgjevar i kommunane. Gjennom dette blir det søkt å identifisere faktorar som påverkar partssamarbeidet i utviklingsorientert retning. Det blir også retta fokus mot hovudtillitsvalde si rolleforståing som part og aktør i det lokale skulesamarbeidet. Målet med studien er å søke ei djupare forståing for korleis arbeidsgjevar og hovudtillitsvalde kan samarbeide for å bidra til skuleutvikling.
Undersøkinga er gjennomført som ein kvantitativ studie der Utdanningsforbundet sine hovudtillitsvalde i åtte fylke har svart på ei elektronisk spørjeundersøking. Presentasjon av data blir gjort gjennom skjema, tekst og sitat frå kommentarfelt i undersøkinga, og dette vert analysert i lys av den valde teorien, tidlegare forsking på temaet partssamarbeid og i tillegg eiga forståing. Den teorietiske ramma for arbeidet tek utgangspunkt i teori om organisasjonslæring, utviklingskultur og rolleomgrepet.
Hovudfunn: Arbeidsgjevar er ryddig og ansvarleg i oppfølginga av avtaleverket, og partane har felles eigarskap til visjonar og overordna mål. Skuleutvikling er òg eit sentralt tema i samarbeidet mellom partane, men involveringa i prosessarbeidet ser ut til å vere mangelfull. Både arbeidsgjevar og dei tillitsvalde legg truleg større vekt på å avklare spørsmål i tradisjonelle driftssaker enn å samarbeide om korleis ein i fellesskap kan styrke utviklingskrafta i skulesektoren. Dette kan knytast til rolleforståing, og haldningar til kva saker ein skal og kan samarbeide om hos begge partar.
Studien konkluderer med at vilkåra for eit utviklingsorientert partssamarbeid i hovudsak er til stades i dei kommunale strukturane. Det avgjerande er korleis partane evnar å ta i bruk arenaene som fins, og korleis dei arbeider saman i utviklingsprosessar. Rolleforståing ser ut til å vere ein nøkkelfaktor.
Beskrivelse
MR690 Masteroppgåve i organisasjon og leiing
16.10.2015