Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKalland, Jarle
dc.date.accessioned2016-01-29T08:33:36Z
dc.date.available2016-01-29T08:33:36Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2375218
dc.descriptionB3 Friluftsliv ID3-322 Desember 2015nb_NO
dc.description.abstractSamandrag Hensikta med denne studien var å utvikle ein enkel, reliabel og valid styrketest som kan inngå i eit testbatteri for aktive sportsklatrarar. Det var også eit mål å sjå på samanhengen mellom muskelstyrke, muskeltverrsnitt og klatrenivå. Kraftcelle vart brukt for måling av muskelstyrke, og ultralyd vart brukt for å måle muskeltverrsnitt av fingerfleksorane. Det vart også samla inn data om hengetid på list og kroppssamansetning. Metode 20 mannlege forsøkspersonar med klatrenivå på norsk klatregrad 5 til 9-/9 (red point) deltok i denne tverrsnittsundersøkinga. Maksimal kraftutvikling i armar og fingrar vart målt med kraftcelle festa til golvet og til hoftebelte på forsøksperson (FP). FP hang på 23 mm djup trelist med 90° i albogen, og festa til kraftcella med statisk stropp. Det vart henta ut tre ulike målingar; Rate of Force Development (RFD), Peak Force (PF) og maksimal isometrisk kraft (isoF). Gripestyrke vart målt med handdynamometer og muskeltverrsnittet vart målt med ultralyd. Fingerheng vart gjennomført på same 23 mm trelist som maksimalstyrketesten. Resultat Det var signifikant korrelasjon til klatrenivå i målingane av relativ PF (r = 0,77), relativ isoF (r = 0,73) og RFD (r = 0,61). Relativ gripestyrke gav ikkje signifikant korrelasjon (r = 0,34) til klatrenivå. Muskeltverrsnitt hadde signifikant korrelasjon til relativ PF, relativ isoF, fingerheng og gripestyrke, men ikkje til RFD og klatrenivå. Fingerheng hadde høg korrelasjon (r = 0,83) til klatrenivå, noko som er kjent frå tidlegare studiar. Konklusjon Den nyutvikla styrketesten viste seg å vere enkel, reliabel og valid for sportsklatrarar. Kraftmålingane som vart henta ut viser signifikant og høg korrelasjon til klatrenivå. Gripestyrke har lite å sei for klatrenivå. Fingerheng er ein reliabel og valid test for muskulært uthald på ulike nivå hos sportsklatrarar. Muskeltverrsnittet ser ut til å ha noko å sei for muskelstyrken, men ikkje nødvendigvis for klatreprestasjon. Tendensen er at auke i klatrenivå gir lavare kroppsvekt og mindre kroppsfett (%). Nøkkelord: styrketest klatring, fingerheng, ultralyd, muskeltverrsnitt, flexor digitorum superficialis, flexor digitorum profundusnb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectklatringnb_NO
dc.subjectsportsklatringnb_NO
dc.subjectsportsklatrerenb_NO
dc.subjectkraftutviklingnb_NO
dc.subjectstyrketestnb_NO
dc.titleKraftutvikling hos sportsklatrarar – utvikling av ny styrketest og måling av fysiske eigenskapar hos sportsklatrararnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber36nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel