Kva gjer kommunar som kjem seg ut av ROBEK?: Ei analyse av Gaular og Hyllestad kommune
Abstract
Tema for denne oppgåva er å sjå på kva grep kommunar gjer for å komme seg ut av ROBEK.
ROBEK-registeret er for kommunar og fylkeskommunar som er kome i økonomisk uføre, der fylkesmannen ber Kommunal- og Regionaldepartementet setje kommunen under statleg kontroll av kommuneøkonomien. Dette skjer mellom anna ved at fylkesmannen må godkjenne alle låneopptak og langsiktige leigeavtaler. I tillegg skal fylkesmannen føre kontroll med at kommunestyret sine budsjettvedtak er lovlege.
For å kaste lys over denne tematikken, har eg gjort ei kvalitativ undersøking med djupneintervju av personar som har sentrale posisjonar innan politikk og administrasjon i to små vestlandskommunar. Gaular og Hyllestad kommune kom inn i ROBEK samtidig, men hadde ulik lengde på opphaldet.
Problemstillinga for forskingsoppgåva er:
«KVA GJER KOMMUNAR SOM KJEM SEG UT AV ROBEK?»
Problemstillinga har vore spegla opp mot dei teoretiske perspektiva som iverksetting,
organisasjon og leiing, organisasjonsendring og avgjerdsteori.
Forskingsoppgåva har avdekka interessante funn, der haldninga til ROBEK-registeret har hatt større innverknad på resultatet enn kor store økonomiske utfordringar ein har hatt.
Eitt av funna i mitt forskingsresultat avviker frå modellen til Van Meter & Horn når det gjeld stor grad av endring fører til vanskeleg iverksetting. Empirien min avdekkar at den kommunen som har dei største utfordringane har den lettaste iverksettinga, og har den kortaste tida i ROBEK.
Description
MR690 Mastergrad i Organisasjon og leiing