Aktiv og deltakande i eige liv
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/197323Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne oppgåva tar sikte på å finne ut korleis sjukepleiaren kan sikre at brukaren sin autonomi vert ivaretatt gjennom rehabiliteringsprosessen i kvardagsrehabilitering. Det som kjem fram i oppgåva er det einskilde ved heimen og korleis dette kan bidra til ein styrke i autonomien, men og avgrense den. Vidare kjem informasjon til både brukar og pårørande fram som sentralt i forskinga, både i forhold til effekt og forståing. Sjukepleiaren har eit viktig ansvar med å sikre at det individuelle i rehabiliteringsprosessen vert ivaretatt. Motivasjon og meistring har ei sentral rolle. Sjukepleiaren må balansere brukarmedverknad, mot sitt faglege ansvar og samtidig ta omsyn til aldringsprosessen. Ho må skape ein god relasjon og likeverdig dialog for å fremje brukarens rett til å ta eigne val.