Automatisert batteribyte på bilferje
Bondehagen, Thomas André; Hopland, Jermund; Ese, Erlend; Indreflø, Thomas; Solvåg-Hellevang, Roy Andre
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/196581Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Multi Maritime AS vil ha utgreia om det er mogleg å drive ei elektrisk bilferje, med ei løysing
for hurtig bytte av batteripakke. Dette reduserer investeringsbehovet for ei elektrisk driven
ferje betydeleg. Sjølve batteriladinga skal skje på ein ladestasjon på ferjekaia.
Oppdragsgjevar legg ikkje andre føringar for prosjektet, slik at gruppa står fritt til å kome
fram til ei kreativ løysing. I forprosjektet vart dei viktigaste faktorane undersøkt og vilkåra
kartlagt.
Resultatet har blitt ei heilautomatisert løysing, der batteripakken er utstyrt med motor og
hjul. Batteripakken vert driven av eigen energi og er sjølvgåande mellom ferja og
ladestasjon. Heisar justerer ladestasjonen i forhold til sjønivået. Prosessen vert styrt av
PLS-ar og går automatisk når ferja ligg til kai.