Leselyst og lystlesing : om lesarar og leseopplevingar av to «moderne bestseljarar»
Abstract
Denne oppgåva handlar om lesarar av «moderne bestseljarar». Eg har teke utgangspunkt i Øya av Victoria Hislop og Barnepiken av Kathryn Stockett. Gjennom intervju med sju lesarar av dei aktuelle bøkene, har eg funne ut at lesarane syner fleire tydelege fellestrekk. Dei er kvinner, dei les mykje av den same litteraturen, og dei har om lag same mengde utdanning. Eg meiner dei er representantar for ein dominerande middelkultur. Vurderingane lesarane gjer er også samanfallande. Eg har identifisert relevante vurderingskriterier som kjem fram når lesarane snakker om bøkene. Bøkene skal vere relevante, ha ein kognitiv funksjon, vere gripande, tilgjengelege, fengslande og dessutan ha ein sosial funksjon. Når lesarane skal bestemme kva for ei av dei to bøkene som er best, ser det ut som om det gripande ved bøkene er avgjerande. Hans Robert Jauss, og dessutan Jan Mukârovský, syner at vurderingar er påverka av kategoriar som kjønn, alder og bakgrunn, kategoriar der mine informantar skil seg lite. Jan Mukârovský legg dessutan vekt på at lesarar blir påverka av etablerte institusjonar i kvar einskild vurdering. Eg meiner mine lesarar er mindre opptekne av etablerte institusjonar, og meir påverka av eit felles verdigrunnlag når vurderinga av dei to bøkene er samanfallande.
Description
Masteroppgåve i Bibliotek og informasjonsvitskap Høgskolen i Oslo og Akershus, Fakultet for samfunnsfag