Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNygård, Anja Karoline
dc.contributor.authorEriksen, Marit Elisabeth
dc.date.accessioned2008-11-27T14:30:20Z
dc.date.issued2002
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/151721
dc.description.abstractIngen gardar har i dag automatisk sløkkeanlegg installert i driftsbygningar, og berre 10% har brannalarmanlegg[4]. Tradisjonelt har brannsikring av landbruksbygg vore lågt prioritert både i bygningstekniske forskrifter og frå næringa sjølv. Då det trass alt er gjennomsnittleg 200 landbruksbrannar årleg, ynskte vi å vurdere korleis sløkkeanlegg ville passe for slike bygg. For å løyse oppgåva fekk prosjektgruppa til eit samarbeid med to firma som leverer røyranlegg, dyser, og varmedeteksjonsanlegg som kan koplast opp mot sløkkeanlegg. Deretter var det å få tak i ein gamal låve som nokon ynskte å kvitte seg med. Sist nemnte var det som tok lengst tid. Etter å fått tak i ein låve som passa måtte ein gjennom byggesakshandsaminga i kommunen, der det måtte søkast om riving og brenning av bygget. I låven vart det gjort tre forsøk. To med Firetrace-varmedetektor knytta opp mot eit vasståkeanlegg, og eit for å teste effekta av eit automatisk utløysbart handsløkkeapparat ved brann. Til slutt føretok ein nedbrenning av driftsbygningen for å demonstrere kor rask brannspreiinga er i landbruksbygg. I denne bygningen tok det 6 minutt til overtenning. I tillegg til forsøka har ulike deteksjon og sløkkeanlegg blitt vurdert i forhald til driftsbygningar. Det vi kom fram til var at Firetrace varmedeteksjonsanlegg knytta opp mot vasståkeanlegg fungerar slik det skal, og gjerne kan nyttast i landbruksbygg. Ved bruk av sløkkeanlegg i driftsbygningar bør ein forsikre seg om at vasstrykk og vassmengde vil vere tilstrekkeleg i anlegget. Skulle det vise seg at det vert for lågt må det settast inn tiltak til dømes i form av pumpe og vasstank, eller dele anlegget inn i fleire soner. Det automatisk utløysbare handsløkkeapparatet er ikkje noko fullgod løysing for slike bygg då det har for lita rekkevidde, og på grunn av at det er store rom og store takhøgder i slike bygg. Sprinkleranlegg med dyser som løyser ut ved ein viss temperatur vil óg kunne vere eit godt alternativ. I områder kor det førekjem frost må ein tørranlegg eller ha frostvæske i røyra. Røyr og dyser må plasserast på ein slik måte at ein ved arbeid med traktor og liknande, ikkje treff dysa og utløyser anlegget. I vurdering av ulike anlegg ut i frå pris, er det Firetrace som kjem best ut av deteksjonsanlegga. Dette er det alternativet som er best ved oppkopling mot sløkkeanlegg då risiko for feilutløysing er liten. Når det gjeld sløkkeanlegg er det vasståkeanlegg og sprinklaranlegg som er rimelegast. Sprinklaranlegg er kanskje noko dyrare enn vasståkeanlegg, men her er ein ikkje nøydd til å ha deteksjonsanlegg.en
dc.format.extent1902632 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonoren
dc.subjectBrannen
dc.subjectIngeniøren
dc.titleAktiv brannsikring av landbruksbyggen
dc.typeBachelor thesisen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel