Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorValvatna, Heine Hillesvik
dc.date.accessioned2009-04-28T11:05:35Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/151325
dc.description.abstractPasienten si oppleving av varme preoperativt er mitt tema for denne fordjupingsoppgåva i sjukepleie i vidareutdanning for akutt og kritisk sjuke. I kvalitative studiar av O'Brien og Fothergill-Bourbonnais (2004) og Hupcey (2000) kjem det fram at noko av viktigaste for ein akutt og kritisk sjuk pasient er å kjenne seg trygg. Wagner, Byrne og Kolcaba (2006) har vist ein samanheng mellom preoperativ oppvarming og pasienten si oppleving av tryggleik og redusert angst. Bitner, Hilde, Hall og Duvendack (2007) og andre har vist at denne aktive, preoperative varmen gir fleire pasientar normotemperatur under det perioperative løpet, og dermed færre postoperative komplikasjonar (Sessler, 1997). (Fiedler, 2001) konkluderer med at tiltak for å ivareta varme bør begynne preoperativt. Utifrå valet om å studere anestesisjukepleie, opplever eg det som svært relevant å sjå nærare på omgrepet tryggleik og sjukepleietiltak for å medverke til dette. Gjennom tidlegare yrkeserfaring ved gastrokirurgisk sengepost, i akuttmottak og på dagkirurgisk avdeling, har eg erfart at pasientar kan oppleve utryggleik og engsting før dei skal til anestesi. Under praksisperiodane i anestesisjukepleiestudiet har eg opplevd pasientar som klagar over at dei frys og at dei er engstelege, etter at den varme dyna er kasta av dei og dei er flytta over på operasjonsbordet. Denne fordjupingsoppgåva bygger på ei litterær oppgåve som var heimeeksamen våren 2008, der problemstillinga var: Korleis kan anestesisjukepleiar medverke til at operasjonspasienten opplever tryggleik? Varme kom der fram som eitt av funna. Eg valte derfor å gå vidare med dette og sjå på tiltak i forhold til det. Gjennom framtidig jobb som anestesisjukepleiar ønskjer eg å formidle tryggleik til pasientane, som er sett på som eit grunnleggande omgrep innan sjukepleie. Korleis pasienten blir møtt preoperativt meiner eg kan ha mykje å seie for hans oppleving av operasjonssituasjonen. Som anestesisjukepleiar vil eg ha ein stor del av medansvar for denne opplevinga. Korleis kan ein med varme som sjukepleietiltak hjelpe pasienten til opplevd og faktisk tryggleik? Dette var noko av det eg undra meg over, og som eg gjerne ville finne ut meir om.en
dc.format.extent467240 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonoren
dc.subjectAkutt kritisk sykeen
dc.titleÅ oppleve varme før anestesi : Korleis medverkar anestesisjukepleiar ved hjelp av varme preoperativt til opplevd hos operasjonspasientar normotemperatur og tryggleik hos operasjonspasienten?en
dc.typeStudent paper, othersen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel