Å oppleve varme før anestesi : Korleis medverkar anestesisjukepleiar ved hjelp av varme preoperativt til opplevd hos operasjonspasientar normotemperatur og tryggleik hos operasjonspasienten?
Abstract
Pasienten si oppleving av varme preoperativt er mitt tema for denne
fordjupingsoppgåva i sjukepleie i vidareutdanning for akutt og kritisk sjuke. I kvalitative
studiar av O'Brien og Fothergill-Bourbonnais (2004) og Hupcey (2000) kjem det fram at
noko av viktigaste for ein akutt og kritisk sjuk pasient er å kjenne seg trygg. Wagner,
Byrne og Kolcaba (2006) har vist ein samanheng mellom preoperativ oppvarming og
pasienten si oppleving av tryggleik og redusert angst. Bitner, Hilde, Hall og Duvendack
(2007) og andre har vist at denne aktive, preoperative varmen gir fleire pasientar
normotemperatur under det perioperative løpet, og dermed færre postoperative
komplikasjonar (Sessler, 1997). (Fiedler, 2001) konkluderer med at tiltak for å ivareta
varme bør begynne preoperativt.
Utifrå valet om å studere anestesisjukepleie, opplever eg det som svært relevant å sjå
nærare på omgrepet tryggleik og sjukepleietiltak for å medverke til dette. Gjennom
tidlegare yrkeserfaring ved gastrokirurgisk sengepost, i akuttmottak og på dagkirurgisk
avdeling, har eg erfart at pasientar kan oppleve utryggleik og engsting før dei skal til
anestesi. Under praksisperiodane i anestesisjukepleiestudiet har eg opplevd pasientar
som klagar over at dei frys og at dei er engstelege, etter at den varme dyna er kasta av
dei og dei er flytta over på operasjonsbordet.
Denne fordjupingsoppgåva bygger på ei litterær oppgåve som var heimeeksamen våren
2008, der problemstillinga var: Korleis kan anestesisjukepleiar medverke til at
operasjonspasienten opplever tryggleik? Varme kom der fram som eitt av funna. Eg
valte derfor å gå vidare med dette og sjå på tiltak i forhold til det. Gjennom framtidig
jobb som anestesisjukepleiar ønskjer eg å formidle tryggleik til pasientane, som er sett
på som eit grunnleggande omgrep innan sjukepleie. Korleis pasienten blir møtt
preoperativt meiner eg kan ha mykje å seie for hans oppleving av
operasjonssituasjonen. Som anestesisjukepleiar vil eg ha ein stor del av medansvar for
denne opplevinga. Korleis kan ein med varme som sjukepleietiltak hjelpe pasienten til
opplevd og faktisk tryggleik? Dette var noko av det eg undra meg over, og som eg
gjerne ville finne ut meir om.