Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKjerland, Jenny Eidnes
dc.date.accessioned2011-04-18T13:21:10Z
dc.date.available2011-04-18T13:21:10Z
dc.date.issued2011-04-18
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/151083
dc.description.abstractBakgrunn : Førekomsten av diabetes type 2 er aukande. Sjukdommen er omtala som ein livsstilsjukdom, og overvekt er ein disponerande faktor til å utvikla den. Eit aktuelt behandlingstiltak vil vera vektreduksjon, men det vil og vera det vanskeligaste å gjennomføre. Eg ynskjer å sjå på kva rolle motivasjon og motiverande intervju kan spela for den overvektige pasienten med diabetes type 2 når han skal endre levesett. Formål : Formålet med oppgåva er å auke kunnskap og forståing om kva faktorar som kan gje pasienten motivasjon og kva betyding motivasjon har for å gjennomføre ei livsstilsendring. Eg vil og tileigne meg kunnskap om kva ein motiverande samtale inneberer. Problemstillinga er som følgjande; ” Betyding av motivasjon og motiverande intervju i ein livsstilsendring hjå overvektige pasientar med diabetes type 2” Metode : Eg har på bakgrunn av bacheloroppgåvas krav brukt litteratursøk som metode. Via HSH sine søkebasar har eg fått tilgang til relevant forsking knytta til tematikken. Funn :Forsking viste at mangel på motivasjon og støtte var ei sentral årsak til at forsøket på å endre levesett vart mislukka. Andre funn frå forsking viste at ; ei livsstilsendring kan vera like god behandling som insulin, strukturerte treningsprogram bidrar til vektnedgang, pasientens autonomi er viktig å ivareta, å gje støttande og motiverande rådgiving viste seg å vera ei manglande ferdigheit både hjå sjukepleiarar og legar, å nytte eit motiverande intervju er meir effektivt enn å gje vanlege råd. Oppsummering: Utan motivasjon er det vanskelig å endre levesett. For å oppnå motivasjon er det fleire behov som må vera dekka. Sjukepleiaren kan hjelpa pasienten å tileigna seg nokre av desse behova, blant anna er ved å bruka motiverande intervju som ein teknikk.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectSykepleieen_US
dc.titleBetyding av motivasjon og motiverande intervju i ein livsstilsendring hjå overvektige pasientar med diabetes type 2en_US
dc.typeBachelor thesisen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel