Betyding av motivasjon og motiverande intervju i ein livsstilsendring hjå overvektige pasientar med diabetes type 2
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/151083Utgivelsesdato
2011-04-18Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn : Førekomsten av diabetes type 2 er aukande. Sjukdommen er omtala som ein
livsstilsjukdom, og overvekt er ein disponerande faktor til å utvikla den. Eit aktuelt
behandlingstiltak vil vera vektreduksjon, men det vil og vera det vanskeligaste å
gjennomføre. Eg ynskjer å sjå på kva rolle motivasjon og motiverande intervju kan spela
for den overvektige pasienten med diabetes type 2 når han skal endre levesett.
Formål : Formålet med oppgåva er å auke kunnskap og forståing om kva faktorar som
kan gje pasienten motivasjon og kva betyding motivasjon har for å gjennomføre ei
livsstilsendring. Eg vil og tileigne meg kunnskap om kva ein motiverande samtale
inneberer. Problemstillinga er som følgjande; ” Betyding av motivasjon og motiverande
intervju i ein livsstilsendring hjå overvektige pasientar med diabetes type 2”
Metode : Eg har på bakgrunn av bacheloroppgåvas krav brukt litteratursøk som metode.
Via HSH sine søkebasar har eg fått tilgang til relevant forsking knytta til tematikken.
Funn :Forsking viste at mangel på motivasjon og støtte var ei sentral årsak til at forsøket
på å endre levesett vart mislukka. Andre funn frå forsking viste at ; ei livsstilsendring
kan vera like god behandling som insulin, strukturerte treningsprogram bidrar til
vektnedgang, pasientens autonomi er viktig å ivareta, å gje støttande og motiverande
rådgiving viste seg å vera ei manglande ferdigheit både hjå sjukepleiarar og legar, å
nytte eit motiverande intervju er meir effektivt enn å gje vanlege råd.
Oppsummering: Utan motivasjon er det vanskelig å endre levesett. For å oppnå
motivasjon er det fleire behov som må vera dekka. Sjukepleiaren kan hjelpa pasienten å
tileigna seg nokre av desse behova, blant anna er ved å bruka motiverande intervju som
ein teknikk.