Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKorsvoll, Anne Guro
dc.date.accessioned2010-04-19T12:35:36Z
dc.date.available2010-04-19T12:35:36Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/150955
dc.description.abstractAntal eldre er aukande i Noreg, og ein stor del av desse er demente og bur på sjukeheim. I 2009 trådde kapittel 4A i pasientrettigheitslova i kraft som omhandlar tvang ovanfor pasientar utan samtykkekompetanse. Tvang i samband med demente pasientar er truleg noko ein vil møte som sjukepleiar, og eg har difor vald å ta utgangspunkt i problemstillinga: "Korleis kan kommunikasjon utgjere tillitsskapande tiltak for å unngå tvang ovanfor demente i stellsituasjon på sjukeheim?" Hensikta med litteraturstudiet er å sjå kva ein som sjukepleiar konkret kan gjere gjennom å nytte kommunikasjon som innfallsvinkel for å skape tillit og dermed unngå bruk av tvang i møte med utagerande demente. Litteraturen eg har vald å nytte er hovudsakeleg frå dei seinare åra, eit bevisst val frå mi side for å få oppdatert kunnskap, og resultata konkluderer i store trekk med det same: Demente pasientar treng individuell tilnærming der sjukepleiaren baserer samhandlinga på kunnskap om personen, sjukdomen og kva behov vedkomande har til ei kvar tid. Vidare vil bruk av tid, tilrettelegging og bevisstgjering av korleis sjukepleiaren kommuniserar, både verbalt og nonverbalt, kunne påverke relasjonen dei imellom, skape tillit og dermed førebygge bruk av tvang. Kort sagt vil sjukepleiaren si haldning og handling vere med på å avgjere om ein oppnår tillit eller nyttar tvang i samhandling med demente pasientar.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.titleTillit eller tvang?en_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.subject.nsiSykepleieen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel