Tillit eller tvang?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/150955Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Antal eldre er aukande i Noreg, og ein stor del av desse er demente og bur på sjukeheim. I
2009 trådde kapittel 4A i pasientrettigheitslova i kraft som omhandlar tvang ovanfor pasientar
utan samtykkekompetanse. Tvang i samband med demente pasientar er truleg noko ein vil
møte som sjukepleiar, og eg har difor vald å ta utgangspunkt i problemstillinga: "Korleis kan
kommunikasjon utgjere tillitsskapande tiltak for å unngå tvang ovanfor demente i
stellsituasjon på sjukeheim?" Hensikta med litteraturstudiet er å sjå kva ein som sjukepleiar
konkret kan gjere gjennom å nytte kommunikasjon som innfallsvinkel for å skape tillit og
dermed unngå bruk av tvang i møte med utagerande demente. Litteraturen eg har vald å nytte
er hovudsakeleg frå dei seinare åra, eit bevisst val frå mi side for å få oppdatert kunnskap, og
resultata konkluderer i store trekk med det same: Demente pasientar treng individuell
tilnærming der sjukepleiaren baserer samhandlinga på kunnskap om personen, sjukdomen og
kva behov vedkomande har til ei kvar tid. Vidare vil bruk av tid, tilrettelegging og
bevisstgjering av korleis sjukepleiaren kommuniserar, både verbalt og nonverbalt, kunne
påverke relasjonen dei imellom, skape tillit og dermed førebygge bruk av tvang. Kort sagt vil
sjukepleiaren si haldning og handling vere med på å avgjere om ein oppnår tillit eller nyttar
tvang i samhandling med demente pasientar.