Praksisutvikling 2010: Samarbeid mellom høgskole og praksisfelt for utvikling av praksisstudier i sykepleierutdanning
Bjørke, Gerd; Löfmark, Anna; Valen, Kristin J.; Sørhus, Kristin Skeie; Wilhelmsen, Signe; Vae, Karen Johanne; Kvalevaag, Helga Karin; Eide, Målfrid Haraldseid; Koldal, Gunn Marit Bakken; Aursland, Liv Marie; Hoff, Rebecca; Tveit, Gurli Karin; Nytræ, Gunn Marit; Heiberg, Ingrid Gilje; Nilsen, Katrine; Waka, Torill Sætre; Haraldseid, Gunn
Abstract
Rapporten gir ei framstilling av praksisutviklingsprosjekt ved Høgskolen
Stord/Haugesund, Avdeling helsefag i 2009-2010. Prosjekta er
gjennomførte i samarbeid mellom høgskolen og praksisfeltet, og har
som mål å styrke praksislæringa for studentar ved sjukepleiarutdanninga.
Felles for prosjekta er at dei tar utgangspunkt i konkrete praksissituasjonar,
og siktar mot å utvikle og betre kvaliteten i læresituasjonen.
I denne prosjektporteføljen finn vi prosjekt retta mot kompetanseutvikling
for kontaktsjukepleiarar, tilrettelegging av praksisplassar
innan palliativ omsorg, strukturering av innkomstsamtalar ved innlegging
i sjukehus og studentdeltaking i undersøking av ernæringsforhold
blant eldre ved ein sjukeheim.
Prosjekta har blitt utførte av prosjektgrupper sett saman av lærarar
ved høgskolen og sjukepleiarar med studentansvar ved dei ulike praksisstadene
knytt til høgskolen. Prosjekta blei gjennomførte i seks kommunar,
ved sjukehus og sjukeheimar. Prosjektgruppene har hatt trefire
fellesmøte pr. semester, med erfaringsutveksling og kollektiv,
gjensidig rettleiing undervegs i prosessen. Dette fellesskapet har skapt
møteplassar mellom høgskole og praksisfelt i ein likeverdig atmosfære
og har hatt som funksjon både å auke kvaliteten i praksisstudiane og å
bygge bru mellom teori og praksis i sjukepleiarutdanninga.