Å bli sett pris på : ein studie av resultatløn som motivasjonsfaktor for lærarar i grunnskulen
Abstract
Ein studie av resultatløn som motivasjonsfaktor for lærarar i grunnskulen
Føremålet med denne studien har vore å undersøkja kva verknader resultatløn kan ha som motivasjonsfaktor for lærarar i grunnskulen. Gjennom ein kasusstudie og intervju med 8 lærarar har eg søkt etter å få fram lærarane sitt syn på dette leiingsverktøyet. Dei mest sentrale funna tyder på at resultatløn spelar ei avgrensa rolle i høve til utvikling av motivasjon. Lærarane vert derimot motiverte av indre motivasjonsfaktorar, der elevane og samspelet med dei er den aller viktigaste drivkrafta. Deretter vert kollegiet nemnt som den nest viktigaste motivasjonskjelda, framfor leiinga som kjem på ein tredje og siste plass. Funna mine indikerer også at bruk av resultatløn har ein del negative sideverknader, grunna manglande grunn-gjevingar for lønsresultat og tilfeldige prosedyrar for lønstildeling. Desse erfaringane gjer at lærarane konkluderer med at lønsordninga gjer meir skade enn gagn. Døme på dette kan vera at den skapar splid i kollegiet, leiinga mister tillit og lærarane kjenner seg krenka og ned-verdiga. Dette kan forklarast med at resultatløn står i fare for å hemma individuelle og sosiale motivasjonsfaktorar. Skal ordninga med lokal løn kunne nyttast som motivasjonsfaktor, er det avgjerande at denne vert praktisert på ein slik måte at den støttar opp om desse motivasjons-faktorane. Først då kan løn som ein materiell faktor vera med på å fremja motivasjon.