Kultur for kultur? : eit djupdykk i fire små- og mellomstore kommunar om rammevilkår for kulturarbeid
Abstract
Kultur for kultur? Eit djupdykk i fire små- og mellomstore kommunar om rammevilkår for kulturarbeid
Studien har som føremål å få kunnskap om kommunane si prioritering av kulturfeltet, og hovudspørsmålet er om vi ser trendar i kommune-Norge i retning av "A-" og "B-kommunar". Det er i hovudsak nytta kvalitativ metode i form av uformell gruppeintervjuing i fire kommunar. I tillegg er kommunane sine økonomiske rammevilkår samanlikna over tid. Oppgåva forsøker å kaste lys over faktorar som kan vere med å forklare eventuell ulikskap i prioritering av kulturfeltet i kommunar med same økonomiske rammevilkår. Vidare er kommunestorleik og organisasjonsmodell sett på, i tillegg til synet på eventuelt behov for og i kva grad kulturfagleg kompetanse blir prioritert. Funna i studien syner at det skjer ei utvikling i retning "A-" og "B-kommunar" på kulturfeltet, og det er småkommunane som har dei største utfordringane. Svaret på hovudspørsmålet er difor ja, men bildet er komplekst og truleg er det heller ikkje nokon ny trend.