Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNedrelid, Geir Arne
dc.date.accessioned2013-11-21T12:21:22Z
dc.date.available2013-11-21T12:21:22Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/150535
dc.descriptionMR690 Mastergrad i Organisasjon og leiingno_NO
dc.description.abstractFørebyggande helsearbeid har over tid hatt eit stadig aukande fokus og er i dag eit høgaktuelt helsepolitisk tema. Det blir teikna eit bilete av ein helseteneste med stadig aukande utgifter og ei utvikling som ikkje er berekraftig. For å sikre ein god og framtidsretta helseteneste er det lagt opp til ein betydeleg auka innsats og prioritering av førebyggande helsearbeid i kommunane. Målet med studien er å sjå korleis kommunane følgjer opp statleg politikk for ein auka innsats på førebyggande helsearbeid. Vidare er formålet å få innsikt i kva faktorar som har betyding for prioriteringa og innsatsen, samt korleis dei forankrar i kommunale planar. Studiet har eit komparativt casedesign. Det er nytta kvalitativ metode og data er samla inn gjennom semistrukturerte telefonintervju og personintervju. 17 leiarar for helsetenestene i kommunar er intervjua over telefon, og tre leiarar for helsetenestene og to folkehelsekoordinatorar i fire utvalde kommunar er intervjua. Datamaterialet er analysert etter ein temasentrert analyse. Funn i studien tyder på ein aukande merksemd på førebyggande helsearbeid i kommunane, og ein dreiing til at det i større grad omfattar heile kommunen og ikkje berre helsetenesta som tradisjonelt. Der er utfordringar med få til ein høg prioritering og auka innsats i kommunane. Faktorar som tradisjonelt fokus på kurative tenester framfor førebygging i helse- og omsorgstenesta, lite handlingsrom gjennom mangel på tid og ressursar, og ein manglande administrativ og politisk entusiasme ser ut til å ha betyding for prioriteringa. Førebyggande helsearbeid ser oftast ut til å vere generelt og lite forpliktande omtalt i planane, men at det i fleire kommunar er ein endring til at det skal danne eit meir overordna perspektiv, og ein meir konkret og forpliktande forankring i nye planar. Pådrivarar med politisk eller administrativ makt og avsett tid og ressursar ser ut til å vere viktige faktorar for i kva grad førebyggande helsearbeid vert forankra, og med det kan bidra til å forklare ulikskapar mellom kommunar.no_NO
dc.language.isonobno_NO
dc.subjectforebyggende helsearbeidno_NO
dc.subjectsamhandlingsreformno_NO
dc.subjectiverksettingno_NO
dc.titleFørebyggande helsearbeid – «Å ta frå dei sjuke og gi til dei friske» : Ein studie om iverksetting av nasjonal politikk for ein auka innsats på førebyggande helsearbeid i kommunaneno_NO
dc.title.alternativePreventive health care – «Taking from the sick and giving to the healthy» : A study of the implementation of a national policy to increase preventive health care in local authoritiesno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.source.pagenumber120no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel