Førebyggande helsearbeid – «Å ta frå dei sjuke og gi til dei friske» : Ein studie om iverksetting av nasjonal politikk for ein auka innsats på førebyggande helsearbeid i kommunane
Abstract
Førebyggande helsearbeid har over tid hatt eit stadig aukande fokus og er i dag
eit høgaktuelt helsepolitisk tema. Det blir teikna eit bilete av ein helseteneste med
stadig aukande utgifter og ei utvikling som ikkje er berekraftig. For å sikre ein god
og framtidsretta helseteneste er det lagt opp til ein betydeleg auka innsats og
prioritering av førebyggande helsearbeid i kommunane.
Målet med studien er å sjå korleis kommunane følgjer opp statleg politikk for ein
auka innsats på førebyggande helsearbeid. Vidare er formålet å få innsikt i kva
faktorar som har betyding for prioriteringa og innsatsen, samt korleis dei
forankrar i kommunale planar.
Studiet har eit komparativt casedesign. Det er nytta kvalitativ metode og data er
samla inn gjennom semistrukturerte telefonintervju og personintervju. 17 leiarar
for helsetenestene i kommunar er intervjua over telefon, og tre leiarar for
helsetenestene og to folkehelsekoordinatorar i fire utvalde kommunar er
intervjua. Datamaterialet er analysert etter ein temasentrert analyse.
Funn i studien tyder på ein aukande merksemd på førebyggande helsearbeid i
kommunane, og ein dreiing til at det i større grad omfattar heile kommunen og
ikkje berre helsetenesta som tradisjonelt. Der er utfordringar med få til ein høg
prioritering og auka innsats i kommunane. Faktorar som tradisjonelt fokus på
kurative tenester framfor førebygging i helse- og omsorgstenesta, lite
handlingsrom gjennom mangel på tid og ressursar, og ein manglande
administrativ og politisk entusiasme ser ut til å ha betyding for prioriteringa.
Førebyggande helsearbeid ser oftast ut til å vere generelt og lite forpliktande
omtalt i planane, men at det i fleire kommunar er ein endring til at det skal danne
eit meir overordna perspektiv, og ein meir konkret og forpliktande forankring i
nye planar. Pådrivarar med politisk eller administrativ makt og avsett tid og
ressursar ser ut til å vere viktige faktorar for i kva grad førebyggande helsearbeid
vert forankra, og med det kan bidra til å forklare ulikskapar mellom kommunar.
Description
MR690 Mastergrad i Organisasjon og leiing