Det er opp til kvar og ein : om rettleiing av turnuslegar og sjukehuset som lærande organisasjon
Abstract
Styresmaktene har lagt føringar for at norske sjukehus skal utvikle seg til å verte lærande
organisasjonar. Bakgrunnen for denne studien var eit ynskje om å undersøke om sjukehus i eit fylke
viser seg som lærande organisasjon sett i lys av turnustenesta for legar.
Det var nytta kvalitativ metode, og datamaterialet var utskrift av semistrukturerte intervju av ni
rettleiarar for turnuslegar. Fokus var på kva rettleiarane opplever, tenkjer og gjer, korleis dei fyller
rettleiarrolla og dermed tek i vare sjukehuset sitt ansvar for turnuslegar si læring. Materiale vart
systematisk gjennomgått, analysert og oppsummert i ni hovudfunn. Noko av det som kom fram var
korleis rettleiarane opplever rammevilkåra for rettleiingsarbeidet, praksisfellesskap og aktivitetar som
fremjar læring hjå den einskilde turnuslege.
Funna viste at metodane for rettleiing vart utforma av kvar einskild rettleiar i ei manglande kopling
mellom organisasjon, leiing, profesjon og styringsdokument. Læringsfokus hadde nær tilknyting til
tradisjonar i legeprofesjonen og var lite retta mot at organisasjonen skal lære. Samla sett kan
sjukehuset ikkje forståast som ein lærande organisasjon sett i lyset av turnusteneste for legar.
Description
MR 690 Masteroppgåve i organisasjon
og leiing, januar 2009