Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKrogh, Kari
dc.date.accessioned2009-01-27T13:18:16Z
dc.date.issued2006
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/150467
dc.description.abstractKommunale pleie- og omsorgstenester – budde på framtida? Ein studie av sjukepleiarkompetanse, leiing og kvalitet Føremålet med studien er å bidra til å betre føresetnadene for leiing og kvalitetsutvikling i pleie- og omsorgstenestene. Eg er oppteken av å sjå heilskap og samanhengar, og studien dreier seg i stor grad om kontekstuelle tenkjemåtar: I kva grad er sjukepleiarar og leiarar i stand til å setje eigne roller og oppgåver inn i ein større organisatorisk og samfunnsmessig samanheng. Dette heilskaps- og meiningsperspektivet har nær samanheng med ein prosessorientert, analytisk tenkje- og arbeidsmåte, noko som også er eit grunnleggjande element i studien min, i samband med spørsmål om kvalititets- og endringsarbeid. Eg har nytta ein kvalitativ metode med uformelle intervju av åtte informantar, som er tenesteleiarar i kommunale pleie- og omsorgstenester. Eg har analysert datamaterialet etter Kvale (1997) sin analysemodell i seks trinn. Funna i studien viser at ei systematisk kvalitetsutvikling og -forbetring av tenestene er vanskeleg å få til, mest fordi både sjukepleiarane og tenesteleiarane har sterkast fokus på den kliniske og pleiemessige delen av arbeidet. Funna viser også at kompetansen til sjukepleiarane i liten grad er kontekstuell. Det vil seie at den er lite retta mot organisasjon, system, analytisk tilnærming og systematisk forbetring.en
dc.format.extent1142635 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonoren
dc.titleKommunale pleie- og omsorgstenester - budde på framtida? : ein studie av sjukepleiarkompetanse, leiing og kvalitet.en
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Political science and organizational theory: 240::Public and private administration: 242en
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Nursing science: 808en


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel