Kommunale pleie- og omsorgstenester - budde på framtida? : ein studie av sjukepleiarkompetanse, leiing og kvalitet.
Abstract
Kommunale pleie- og omsorgstenester – budde på framtida?
Ein studie av sjukepleiarkompetanse, leiing og kvalitet
Føremålet med studien er å bidra til å betre føresetnadene for leiing og kvalitetsutvikling i pleie- og omsorgstenestene. Eg er oppteken av å sjå heilskap og samanhengar, og studien dreier seg i stor grad om kontekstuelle tenkjemåtar: I kva grad er sjukepleiarar og leiarar i stand til å setje eigne roller og oppgåver inn i ein større organisatorisk og samfunnsmessig samanheng. Dette heilskaps- og meiningsperspektivet har nær samanheng med ein prosessorientert, analytisk tenkje- og arbeidsmåte, noko som også er eit grunnleggjande element i studien min, i samband med spørsmål om kvalititets- og endringsarbeid. Eg har nytta ein kvalitativ metode med uformelle intervju av åtte informantar, som er tenesteleiarar i kommunale pleie- og omsorgstenester. Eg har analysert datamaterialet etter Kvale (1997) sin analysemodell i seks trinn. Funna i studien viser at ei systematisk kvalitetsutvikling og -forbetring av tenestene er vanskeleg å få til, mest fordi både sjukepleiarane og tenesteleiarane har sterkast fokus på den kliniske og pleiemessige delen av arbeidet. Funna viser også at kompetansen til sjukepleiarane i liten grad er kontekstuell. Det vil seie at den er lite retta mot organisasjon, system, analytisk tilnærming og systematisk forbetring.