Kva med borna?
Abstract
I denne oppgåva vil eg fokusere på born av psykisk sjuke foreldre og korleis sjukepleiarar kan ivareta desse borna på ein best mogleg måte. Eg kom fram til følgjande problemstilling;
”Korleis kan sjukepleiarar ivareta born som pårørande ved psykisk sjukdom hjå ein eller begge foreldra?”
På bakgrunn av denne problemstillinga søkte eg etter litteratur. Eg søkte både med norske og engelske søkjeord. Eg fann ei rekkje fagbøker og forskingsartiklar, samt nokre rapportar.
Det er heilt naudsynt å snakke med borna. Ein må ikkje la dei sitje på sidelinja når forelderen er innlagt med psykisk sjukdom. Det kjem fram at born har eit stort behov for både informasjon og kunnskap når det gjeld forelderens psykiske liding. Sjukepleiarar i vaksenpsykiatrien, kan bidra til å betre situasjonen for desse borna, mellom anna ved å sikre at borna får informasjon og at den er alderstilpassa. Sjukepleiarar treng kunnskap om borns utviklingsfasar, samt kunnskap og ferdighetar innanfor kommunikasjon med born. To nye lovendringar bidrar no til at helsepersonell innanfor vaksenpsykiatrien får klarlagt kva som er ansvaret deira når det gjeld born som pårørande av psykisk sjuke foreldre, samt bidrar det til kompetanseheving då det er påbyrja arbeid med å utdanne barneansvarleg helsepersonell innanfor alle helseføretak.
Description
SK 152, våren 2010