Ein analyse av enkeltpersonføretaket Frisøren Oddrun Høyheim
Abstract
I vår bacheloroppgåve har me jobba med enkeltpersonføretaket Frisøren Oddrun Høyheim.
Me har tre hovuddelar i oppgåva. Den fyrste delen inneheld ein rekneskapsanalyse, der me
har innhenta informasjon og talmateriale om Frisøren hjå Luster Rekneskapslag. Deretter har
me rekna ut ulike nøkkeltal og kommentert desse.
I den andre delen har me sett på to ulike selskapsformer. Det er enkeltpersonføretak, som
Frisøren er no, og aksjeselskap, som Frisøren vurderer å skifte til. I denne delen har me og sett
på skatteverknaden i dei to ulike selskapsformene.
I tredje og siste hovuddel har me føreteke ein SWOT-analyse. Her har me sett på dei sterke og
svake sidene internt i Frisøren, i tillegg til moglegheitene og truslane eksternt.
I tillegg til dei tre hovuddelane har me ei innleiing med bakgrunn for val av oppgåva,
problemstillingane våre og historikken i Frisøren. Me har og eit metodekapittel, der me gjer
greie for korleis me har innhenta informasjonen til denne oppgåva. Som avslutning har me ei
oppsummering og ein konklusjon.