Intelligent overvaking av pasientar med demens
Abstract
Løvåsen Undervisningssjukeheim i Bergen hadde behov for trådlaus transmisjon frå ein trykksensor i ei pasientseng, då det med dagens system oppstod mekanisk slitasje mellom leidningsplugg og vegg. Vi valde å føre oppgåva vidare ved å utarbeide vårt forslag til overvaking av pasientar med demens med fleire sensorar som detekterer fysiske rørsler. Ved å nytte slike sensorar, går det ikkje på identiteten til pasienten. Det er eit strengt regelverk, som i tillegg til det etiske og moralske, regulerer slik observasjon av pasientar.
Vi har utgreidd og drøfta problematikken rundt lovene, etikk og moral og utarbeidd eit forslag til vår løysing av overvaking av pasientar med demens for implementering i sjukeheim.
Description
Bacheloroppgåve, hovudprosjektrapport, HO2‐300OPPDRAGSGJEVAR
Løvåsen Undervisningssjukeheim