Aktivitetsnivå og styrke blant eldre – er det samanheng? : Er det samanheng mellom aktivitetsnivå og funksjonell styrke blant ei gruppe heimebuande eldre som trenar ved eitt omsorgsenter?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/149827Utgivelsesdato
2009Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Hensikta med denne studien var å undersøkje samanhengen mellom aktivitetsnivå og funksjonell styrke blant ei gruppe heimebuande eldre som trena ved eitt omsorgssenter.
Ti eldre i alderen 76-92 år deltok i forsøket. For å kartleggje aktivitetsnivået gjekk forsøkspersonane med akselerometer i sju dagar. Den påfylgjande veka gjennomførte dei to funksjonelle testar som testa muskelstyrken i under- og over ekstremitetane. Desse var høvesvis reise-setje-seg- og armfleksjon-test.
Testresultata viste signifikant samanheng mellom aktivitetsnivå og styrke i underekstremitetane. Vidare såg éin signifikant samanheng mellom muskelstyrken i under- og overekstremitetane. Det var derimot ingen signifikant samanheng mellom aktivitetsnivå og styrke i overekstremitetane. Resultata viste òg at 96 % av all aktivitet forsøkspersonane gjennomførte var med låg intensitet.
Konklusjon: Testresultata viste at aktivitetsnivået hadde samanheng med styrke i underekstremitetane, og mellom styrke i under- og overekstremitetar. Resultata viste derimot ingen samanheng mellom aktivitetsnivået og styrken i overekstremitetar. I tillegg viste resultata at ingen av forsøkspersonane tilfredstilte tilrådingane for fysisk aktivitet.