Praksisskule og praksisrelatert FoU-verksemd - ta fatt
Abstract
Den nye øvingslæraravtalen fører inn omgrepet praksisskular i
samband med studentpraksis i allmennlærarutdanninga. Notatet tar
utgangspunkt i ei undersøking av praksiserfaringar blant
allmennlærarstudentar studieåret 2003/2004, og dei innkomne svara
vert analyserte og kommenterte ut i frå at heile skulen kor praksis
vert gjennomført, har eit ansvar for studentane sin praksis.
Vidare vert det sett på korleis eit vidare samarbeid kan utviklast
mellom HSF-ALI og i første rekke dei praksisskular vi alt har avtalar
med. Eit slikt samarbeid er i sær interessant med tanke på auka fokus
på praksisrelatert FoU-verksemd ved HSF-ALI. Det er å håpe at
dette vil gjere det lettare å organisere og gjennomføre feltarbeid for
tilsette ved HSF-ALI, og samtidig eller i tillegg drive
kompetanseheving ved samarbeidsskulen.
Det vert òg sett på moglege konsekvensar for undervisning og
studentpraksis i allmennlærarutdanninga dette kan gi framover.
Series
HSF notat2/2004