Stemningsrapport frå landbruket i Sogn og Fjordane
Abstract
Føremålet med undersøkinga er å kartleggja korleis gardbrukarane i fylket vurderer framtidsutsiktene sine. Vidare ynskjer vi å finna ut kva som er dei viktigaste grunnane til desse vurderingane. Trass i at mange gardbrukarar vurderer framtidsutsiktene som mindre bra, ser likevel dei fleste gardbrukarane føre seg drift på gardsbruket i eit 5 års perspektiv.
Dei viktigaste grunnane til dette er at gardbrukarane er tilfredse med arbeidet sitt og synest at arbeidet har stor verdi.
Series
HSF Notat1/2008