Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStrand, Karin
dc.date.accessioned2015-09-30T11:31:42Z
dc.date.available2015-09-30T11:31:42Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/1182702
dc.descriptionMastergrad i samhandling innan helse- og sosialtenester MS1-306nb_NO
dc.description.abstractBakgrunn: God kvalitet i helsetenesta handlar blant anna om å gje heilskaplege tenester som reduserer risiko for skader til eit minimum. Læring på individ og systemnivå er naudsynt for å redusere feil etter melde avvik. Nasjonale føringar vektlegg at melde avvik skal følgjast opp frå eit system og læringsperspektiv. Hensikta med denne masteroppgåva er å undersøke korleis dei tilsette opplever å oppdage og rapportere avvik. Og målet med studien er å få auka kunnskap om ein eventuell læringsprosess etter melde avvik og om det fører til betre kvalitet på tenestene. Problemstillinga er følgjande: Korleis erfarer tilsette i kommunehelsetenesta det å oppdage og rapportere avvik og korleis kan dette bidra til læring og betre kvalitet på tenestene? Metode: studien byggjer på data frå eit fokusgruppeintervju med tilsette innan helse- og omsorgstenestene i ein kommune. På denne måten har eg undersøkt kva utfordingar tenestetilbodet står ovanfor når det gjeld læring av avvik og uheldige hendingar. Resultata er inndelt i følgjande hovudpunkt: medikamentavvik, avvik som dokumentasjon om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen, læring på system og individnivå samt rapporteringskultur. I det teoretiske kapitlet har eg blant anna nytta læringsteoriar knytt til individ og organisasjon. Eg har i tillegg nytta teoriar som omhandlar forbetringsarbeid og tryggleikskultur som fremmar eller hemmar evna til utvikling og læring. Studien konkluderer med at kulturen i organisasjonen og i avdelingane spelar ei viktig rolle i prosessen med å oppdage og rapportere avvik. Om tilhøva på arbeidsplassen fremjar ein open rapporteringskultur vil det fremje den einskilde si evne til utvikling og læring. At dei tilsette fekk anledning til å drøfte og reflektere etter melde avvik, var vesentleg for å skape ein læringsprosess som fører til varig endring i organisasjonen og til betre kvalitet på tenestene.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectkvalitetnb_NO
dc.subjectkulturnb_NO
dc.subjectavviknb_NO
dc.subjectuheldige hendingarnb_NO
dc.subjectlæringnb_NO
dc.subjectperson- og systemtilnærmingnb_NO
dc.titleKorleis erfarer tilsette i kommunehelsetenesta det å oppdage og rapportere avvik og korleis kan dette bidra til læring og betre kvalitet på tenestenenb_NO
dc.title.alternativeHow experienced employees in primary health services to detect and report deviations and how does it lead to learning and better quality of the health services?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber47nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel