Barnevernrollen og samhandling - En kvalitativ studie av rolleforståing og samhandling i barnevernet
Abstract
Dette prosjektet vert gjennomført for å sjå på korleis organisatoriske endringar i barnevernet påverkar samhandlingsmønster og rolleforståinga blant bakkebyråkratar i denne tenesta. Dei organisatoriske endringane kjem som følgje av barnevernreforma, som tredde i kraft 1. januar 2022, og medførte til dels store endringar for kommunane. Mellom anna fekk kommunane det fulle faglege og økonomiske ansvaret for barnevernet, i tillegg til at fokus på førebygging og tidleg innsats vart skjerpa.
Metoden som dette prosjektet har vore av kvalitativ design, der det har vore gjennomført totalt tre fokusgruppeintervju med sju informantar.
Studien finn at kommunane er godt i gang med å implementere nye system og tenester med fokus på samhandling på tvers av instansar. Det er noko variasjonar i korleis dette ser ut, og kommunane løyser oppdraget forskjellig. Det auka fokuset på samhandling kjem noko ulikt til uttrykk, men hovudlinjene er dei same: Nemleg at fokuset på samhandling, førebygging og tidleg innsats har fått stor plass i barnevernet.
Vidare finn studien at det også har vore ein del organisatoriske endringar i rolleforståinga til bakkebyråkratane. Skjønnutøving er mellom anna eit sentralt tema for dette prosjektet, som omhandlar bakkebyråkratrolla i barnevernet. Også ivaretaking av bakkebyråkratane sine interesser er av relevans. Dette har fått auka fokus mellom anna gjennom tilgang til rettleiing og regulering av porteføljestorleik.
Oppsummert har barnevernreforma hatt stor innverknad på korleis kommunane skal møte dei mest utsette barna. Både gjennom å endre strukturar for fag, ressursar og samhandling, men også gjennom å ei presisering barneverntenestene sitt mandat, hjelper kommunen til utvikle arbeidet for desse barna.
Description
Organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing Fakultet for teknologi, miljø og samfunn
Handelshøgskulen HVL