Rekrutteringstillegg ved personalmangel - tre steg fram og to tilbake? Ein kvalitativt studie frå rekruttering av sjukepleiarar i offentleg sektor
Abstract
Tema for dette forskingsprosjektet er bruken av rekrutteringstillegg ved rekruttering av sjukepleiarar til kommunehelsetenesta. Både kommunane og spesialisthelsetenesta strevar med å på plass nok sjukepleiarkompetanse. Denne utfordringa er venta å stige i takt med den kommande eldrebølga og den demografisk utviklinga i Noreg, og kommunane må tenkje smart når dei organiserer helsetenestene. Dette inneberer blant anna å ta strategiske og gjennomtenkte val når dei skal rekruttere helsepersonell. Eg vil undersøkje korleis sjukepleiarane oppfattar bruken av rekrutteringstillegg og kva effektar tiltaket har på organisasjonen. På bakgrunn av dette er følgjande problemstilling utforma:
Korleis oppfattar sjukepleiarar i kommunehelsetenesta bruken av rekrutteringstillegg og kva konsekvensar har rekrutteringstillegg i organisasjonen?
Formålet med studien er å få inngåande kjennskap til kva som motiverer sjukepleiarar til å søkje på stillingar og korleis rekrutteringstillegg for denne yrkesgruppa påverkar organisasjonen. Eg har nytta teori om motivasjon og rettferd som rammeverk for analysen. Prosjektet føl eit kvalitativt forskingsdesign, der eg har intervjua åtte sjukepleiarar som arbeider i kommunehelsetenesta. Det er gjort ein delvis komparativt studie der eg har samanlikna svar frå sjukepleiarar som har motteke rekrutteringstillegg og sjukepleiarar som ikkje har motteke eit slikt tillegg, men som arbeider i eit miljø der dette er nytta som rekrutteringstiltak. Studie er ein casestudie med ei hermeneutisk tilnærming.
Hovudfunna i studien syner at sjukepleiarane i begge intervjugruppene kjenner på ein ambivalens knytt til tiltaket. På den eine sida har dei forståing for at kommunane nyttar rekrutteringstillegg, på den andre sida vekker det kjensler av urettferd i dei sjølv. Rekrutteringstillegg kan føre til lågare grad av organisatorisk forplikting. Dette vil kunne gje høgare gjennomtrekk i sjukepleiarstillingar og større belastning i organisasjonen på sikt.
Description
Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing
Fakultet for teknologi, miljø og samfunn
Handelshøgskulen HVL