Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJuvik, Lill Anette
dc.contributor.authorSandvoll, Anne Marie
dc.date.accessioned2024-04-10T08:51:45Z
dc.date.available2024-04-10T08:51:45Z
dc.date.created2023-11-28T11:28:22Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.issn1890-2936
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3125713
dc.description.abstractBakgrunn: Overvekt er ikkje forbunde med same helserisiko som fedme, men kan for nokon vere eit forstadium til fedme. Helsearbeidarar kan spele ei viktig rolle med å førebygge vektauke og helserisiko for personar med overvekt. Eit viktig steg for å kunne gje betre førebyggande helsehjelp er å skaffe kunnskap om temaet frå eit førstehandsperspektiv. Føremål: Vi ønskte å få auka innsikt og djupare forståing i korleis personar med overvekt erfarer eigen utsjånad og risiko for negativ vektutvikling. Metode: Individuelle semistrukturerte intervju vart gjennomførde med åtte informantar: fem kvinner og tre menn i alderen 20–48 år. Analysen vart gjennomført trinnvis gjennom systematisk tekstkondensering, inspirert av fenomenologi. Resultat: Eit sentralt funn i studien var at overvekt vart kopla til utsjånad. Dette gav størst utfordring og bekymring med å vere overvektig og kunne verke inn på fleire område i livet. Blant unge vaksne var det fråvær av bekymringar knytt til risiko for vektauke i framtida og helserisiko som kan følgje av det. Innsikt i helserisiko og årsakssamanhengar var varierande, og generelt lågare blant unge vaksne. Erfaring med vektreduksjon gav informantane innsikt, men også auka bekymring for vektauke og eiga helse. Konklusjon: Studien syner at fokuset på utsjånad knytt til overvekt var dominerande, medan det var langt mindre merksemd på og bekymringar for negativ utvikling av fedme og helserisiko. Vidare syner studien eit behov for auka helsekompetanse hos informantane. Helsepersonell har ei viktig oppgåve i å hjelpe den enkelte til å auke helsekompetansen sin og slik få betre føresetnader for å treffe gode livsval og førebygge fedme og helserisiko.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorsk Sykepleierforbunden_US
dc.titlePersonar med overvekt sine erfaringar med eigen utsjånad og risiko for negativ vektutviklingen_US
dc.typePeer revieweden_US
dc.typeJournal articleen_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.source.volume18en_US
dc.source.journalSykepleien Forskningen_US
dc.identifier.doi10.4220/Sykepleienf.2023.93796
dc.identifier.cristin2203628
dc.source.articlenumber93796en_US
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal
cristin.qualitycode1


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel