Implementering av fagfornyinga i grunnskulen
Abstract
Føremålet med denne stu dien har vore å finne ut korleis fagfornyinga vert implementert i grunnskulen, ved å studere ein skule på fleire nivå. Sentrale spørsmål i studien har vore korleis ein ny læreplan vart motteken på skulen då den vart kjent , kva prosessar som blei iverks e tt for å innføre den og kva leiinga har gjort for å sikre at den nye læreplanen førte til ei endring for elevane.
Gjennom fleire år som tilsett i skuleverket, både som lærar og skuleleiar har eg jobba med innføring av den tidlegare læreplanen, LK06. Det er m ed denne bakgrunnen eg fann det interessant å studere korleis ein spesifikk skule har jobba med innføringa av fagfornyinga.
Dette er ein kvalitativ studie basert på intervju med fire personar, to lærarar og to skuleleiarar , på same skule . Skulen har deltek e både i høyringsprosess, «pilotprosjekt» frå Utdanningsdirektoratet og i arbeid i team lokalt på skulen .
Resultata i studien viser at både lærarar og skuleleiinga møtte fagfornyinga med positivitet, men grunna omgrepsforvirring og utydelegheit så blei po sitiviteten, spesielt hos lærarane snudd til skepsis. Skepsisen var sterkast hjå dei med mest erfaring frå tidlegare læreplanar. Lærarane fortel at dei ikkje fekk lærte å kjenne fagfornyinga før dei byrja på etterutdanning, og fekk lære om denne gjennom fa get dei studerte. Det blir også nemnt at det ikkje var eit ynskje frå skulen om ny læreplan.
Leiarane viser til at dei hadde utfordringar med at korona pandemien kom akkurat då læreplanen skulle tre i kraft, noko som skapte utfordringar. Det kjem også fra m at leiinga i hovudsak ynskjer å byggje ein lærande kultur og eit godt profesjonsfellesskap, med fokus på å knytte element frå tidlegare utviklingsprosjekt opp mot nye i fagfornyinga.
Studien viser og at skulen manglar eit system for korleis dei kan kont rollere at læreplanen når fram til elevane, då einaste verktøyet dei har er å kontrollere dette gjennom årsplanar og vekeplanar. Dei må stole på at lærarane er tillitsfulle og brukar denne når dei underviser i lasserommet. Ein kan dermed slå fast at lærar en er ei sentral brikke for at fagfornyinga skal nå ut til elevane.
Description
Masterstudium i organisasjon og leiing, utdanningsleiing,
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap,
Institutt for samfunnsvitenskap