Medisinsk journalskriving på nynorsk
Peer reviewed, Journal article
Published version

View/ Open
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- Import fra CRIStin [3817]
- Institutt for samfunnsvitskap [470]
Original version
Michael. 2023, 20 (Supplement 31), 36-43.Abstract
Sjølv om den medisinske journalen har endra seg frå å vere «legejournalen» til å bli «pasientjournalen», er den framleis ein arbeidsreiskap for legen og helsepersonellet. Den omtalar pasienten med personellets språk og sett frå personellets perspektiv. Journalen speglar derfor den språklege identiteten til personellet og ikkje til pasienten. Språket i journalen er jamt over styrt av personellet, og då ikkje minst legen. Det er sterkt bunde til tradisjonar og fastlagde uttrykksmåtar. Legen lærer grunnlaget for dette i studietida. Det er få skriftlege rettleiingar og knapt med føredøme i praksis for bruk av nynorsk i pasientjournalen. Vi veit dessutan ganske lite om korleis språkbruken i pasientjournalen påverkar pasienttryggleiken. Ei auka interesse for språk som sjølvstendig innsatsfaktor i helsetenesta vil truleg gagna både nynorsk og bokmål som fagspråk i helsetenesta.