Bruk av figurar i samtaler med barn- Ein kvalitativ studie av terapeutars erfaringar med figurar i terapi med barn
Abstract
Målet med denne studien har vore å få fram kva moglegheiter terapeutar opplev at bruk av figurar gir i samtaler med barn. Problemstillinga er; Kva slags moglegheiter opplev (familie)terapeutar at bruken av figurer gir i samtaler med barn i vanskelege livssituasjonar? Eg har nytta meg av kvalitativt semistrukturert intervju som tilnærming til innsamling av data (Thagaard, 2018). For å identifisera funna var eg inspirert av den fortolkande fenomenologiske analysemetoden Interpretative Phenomenological Analysis (IPA). Funna er som følgande:
1. Kommunikasjon tilpassa barnet sine forutsetningar.
2. Får fram nye historier
3. Gir tydelege rammer for samtalen
Hovudfunna er eit resultat av (familie) terapeutars skildringar og mine tolkingar. Det er brukt relevant forsking og teori for å drøfte funna. Studien viser at informantane brukte figurar for å tilpasse seg barnet sine unike behov og for å møta barnet på deira nivå. Informantane gav uttrykk for at figurar gav stort rom for kreativitet og la til rette for å møta barna der dei er. Vidare viste funna at bruk av figurar kan vera ein måte å legga til rette for gode samtaler med barn.
Description
Master i famileterapi og relasjonelt arbeid, Høgskulen på Vestlandet