Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBekken, Irene
dc.date.accessioned2023-08-18T12:03:10Z
dc.date.available2023-08-18T12:03:10Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3084832
dc.descriptionMasterstudium i organisasjon og leiing, spesialisering helse- og velferdsleiing, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap Institutt for samfunnsvitskapen_US
dc.description.abstractBakgrunn og føremål: Føremålet med dette masterprosjektet er å få auka kunnskap om omfang, innhald, og konsekvensar av opplevde rollekonfliktar hos førstelinjeleiarar i helseføretak. Problemstillinga for prosjektet er: Korleis erfarer førstelinjeleiarar rollekonfliktar i sin arbeidskvardag, og korleis påverkar rollekonfliktar utøving av leiing? Ifølgje rapporten Faktabok om arbeidsmiljø og helse (Bakke et al., 2021) opplever ein stor del av leiarar innanfor helse- og sosialsektoren høg grad av rollekonfliktar i sin arbeidskvardag. Hyppige rollekonfliktar er ein viktig risikofaktor i arbeidsmiljøet som kan ha betyding for psykiske plager og muskel- og skjelettplager. Det er difor viktig å utforske korleis førstelinjeleiarar i helseføretak opplever rollekonfliktar i arbeidskvardagen, for å innhente kunnskap som kan bidra til å sette i verk treffsikre tiltak for å kunne redusere rollekonfliktar. Slike tiltak vil kunne verke førebyggjande og bidra til å redusere moglege negative helsekonsekvensar knytte til leiarar si arbeidshelse. Metode: Studien har eit kvalitativ djupnedesign. Innsamling av data er gjort gjennom intervju med fem førstelinjeleiarar. Resultat: Alle førstelinjeleiarar opplever å stå i rollekonfliktar i den posisjonen dei innehar i helseføretaket. Nokon oppgjev å stå i krysspress meir enn andre. For nokre vert rollekonfliktane opplevt som belastande, medan andre uttrykkjer at dei ikkje opplever dei som særleg problematiske. Nokon gir dessutan uttrykk for at rollekonfliktar kan leie til engasjement og gode diskusjonar. Studien avdekkjer vidare at måten førstelinjeleiarane handterer rollekonfliktar på, omhandlar evne til å vere fleksible, handtere oppståtte situasjonar der og då, samt prioritere arbeidsoppgåver etter beste evne. Leiarane gir uttrykk for at leiarskap også handlar om å tole arbeidskvardagar med uløyste arbeidsoppgåver, ha ei realistisk innstilling til leiarrolla og på den måten å akseptere at det å stå i krysspress er noko som ligg til leiarrolla. Det leiarane skisserer, har dei lært seg gjennom lang fartstid i rolla og er noko dei er vane med. Samstundes kjem det fram at emosjonelle reaksjonar spelar inn i meistring av rollekonfliktane, og at viktige faktorar som må vere til stades for at dei skal meistre å stå i leiarjobben, er å ha ei støttande og rettferdig leiing, kollegastøtte, støtte frå tilsette og støtte heimanfrå. Studien finn òg at sjølv om ein førstelinjeleiar har vore fleire år i rolla si, opplever han at det har tatt lang tid å meistre å handtere rollekonfliktar. Han har opplevt at det til tider har vore så belastande at han tidlegare har gått ut i sjukmelding. Førstelinjeleiarane rapporterer at organisatoriske arbeidsvilkår òg har endra seg. Det blir meldt om ei meir «ovanfrå og ned styring» samanlikna med tidlegare år, samt meiransvar og auke i tal på arbeidsoppgåver som stab- og støtteavdelingar før hadde som sitt arbeidsområde. Konsekvensar av dette er mindre handlingsrom, høgare krav til lønsemd, sparing og meir fokus på resultat. Studien avdekkjer òg store utfordringar knytte til rekruttering av helsepersonell og spesialkompetanse, noko som er ei endring frå tidlegare. Konklusjon: Det er dokumentert i studiar og litteratur at rollekonfliktar er til stade i helse- og omsorgssektoren. Teori og forsking støttar opp om at fenomenet kan utgjere risiko for vår arbeidshelse. Samstundes finn eg at fleire moglege årsaksfaktorar kan førebyggast og reduserast ved å rette fokus mot dei organisatoriske arbeidsvilkåra i velferdsorganisasjonen. På same tid er dei organisatoriske arbeidsvilkåra i eit helseføretak eit resultat av styring og føringar frå politisk hald, noko som gjer situasjonen kompleks. Difor er det nødvendig at ein frå politisk hald må rette merksemd mot korleis helseføretaka skal vere styrte, organiserte, samt kva organisatoriske rammer leiarane på dei ulike nivå må forhalda seg til. Dette for å redusere risiko for negative helsekonsekvensar for førstelinjeleiarar si arbeidshelse.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleRollekonfliktar hos førstelinjeleiarar i helseføretak: Ein kvalitativ studie frå intervju med fem førstelinjeleiararen_US
dc.title.alternativeRole Conflicts of first-line Managers in Healthcare Organisations: A Qualitative Study From Interviews with five First-line Managersen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal