Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNorman, Liselotte
dc.date.accessioned2023-08-18T11:14:36Z
dc.date.available2023-08-18T11:14:36Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3084806
dc.descriptionMasterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap Institutt for samfunnsvitskapen_US
dc.description.abstractNorge er blant dei landa i verda med best helsevesen. Samtidig syner befolkningsframskriving og demografi frå fleire kommunar eit aukande behov for arbeidskraft i åra som kjem. Eldrebølga er så vidt byrja å skylje innover landet vårt, men vi gispar allereie etter luft. Leiarane i kommunal omsorgssektor er pliktig å sørge for tenester av fagleg høg kvalitet. Eit ansvar dei har trass i at tal tilsette vert lågare. Distriktskommunane er dei som slit mest med å rekruttere og behalde pleiepersonell. Leiarane må derfor nytte tilgjengelege ressursar på best mogeleg måte og jobbe aktivt med kompetansestyring og kompetanseutvikling. For å klare dette må kommunane satse langsiktig og systematisk på kompetanse. Føremålet med studien er å beskrive korleis leiarar i kommunal omsorgssektor opplever arbeidet med å sikre samsvar mellom tilsette sitt potensial, arbeidsoppgåver som skal utførast og utfordringane som skal handterast som ledd i å nå overordna mål. Eg har nytta ei kvalitativ tilnærming og intervjua 5 sjukeheimsleiarar frå ulike kommunar i Vestland fylke. Leiarane fortel om hektiske kvardagar som gjer arbeidet med kompetanseplanar utfordrande. Trass i at kommunane har overordna strategiske kompetanseplanar, så fører manglande oppfølging frå øvste leiing til at planarbeidet ikkje vert prioritert ute i einingane. Konklusjon: Sjølv om strategiske kompetanseplanar er forankra og vedtekne i kommunane, så blir ikkje planarbeidet jobba vidare med på einingsnivå. Sjukeheimsleiarane treng støtte frå øvste leiing, og rom til å sette seg ned med planarbeid. Dei må få bruke erfaringane sine til å lage realistiske planar, planar som kan endrast ved behov. Ein må også erkjenne at leiarane ikkje kan gå rundt med planverket i handa. Ein må stole på evna deira til å vere kvardagsstrategar. At dei gjennom kunnskap og erfaring handterer hendingar som ikkje er planlagt for, på eigne og strategiske måtar for å yte tenester av fagleg høg kvalitet.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleTreng de meg? Ein kvalitativ studie om kompetansearbeid i kommunal omsorgssektoren_US
dc.title.alternativeDo you need me? A qualitative study on competence in the municipal care sectoren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal