Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMangerøy, Tone
dc.date.accessioned2023-08-10T12:17:38Z
dc.date.available2023-08-10T12:17:38Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3083379
dc.descriptionMaster i sykepleie - kliniske spesialiteter, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractI denne studien har eg undersøk korleis sjukepleiarfaget har posisjonert seg til ernæring hos pasientar med ulcerøs kolitt. Bakgrunnen for studien er ei undring over at eg som sjukepleiar ved ei medisinsk mage-tarm avdeling ved eit større norsk universitetssjukehus, har opplevd at det er lite fokus på ernæring når pasientar med ulcerøs kolitt er innlagde, trass i at ernæring er eit tema som pasientar med ulcerøs kolitt er oppteken av. Hensikten med studien er å generere kunnskap som kan bidra til å forklare og forstå korleis det kan ha seg at det er lite fokus på ernæring når oasientar med ulcerøs kolitt er innlagde på eit større norsk universitetssjukehus. I leiting etter svar på korleis det kan ha seg at det er lite fokus på ernæring ved ulcerøs kolitt ved eit større norsk universitetssjukehus, har eg gjort ein registrantanalyse av korleis lærebøker i grunnleggjande sjukepleie og lærebøker i vidareutdanning i sjukepleie, kliniske spesialitetar, retning gastrosjukepleie, har posisjonert seg til ernæring ved ulcerøs kolitt. analysane som er basert på ei antaking om at ein medisinsk logiskk om ulcerøs kolitt er dominant i det medisinske feltet og at ernæring har ein låg posisjon i denne logikken, fordi det er eit hierarki i helsevesenet kor legen, med tilhøyrande medisinsk viten, har ein overordna fagleg posisjon. Antakinga er undersøkt ved hjelp av den franske sosiologen Pierre Bourdieu sin teori om akademisk hierarki, med ein tilhøyrande praxeologisk analysestrategi og analyser av brudd. Analysen viser at lærebøker i grunnleggjande sjukepleie hadde mykje fokus på ernæring i perioden 1877-1984. I denne epoken blei ernæring rekna for å vere ei medisinsk behandling som skulle føreskrivast av legar. Det vil sei at ernæring var underlagt ein medisinsk logikk med tilhøyrande posisjon i det akademiske hierarkia. I læreboka i grunnleggjande sjukepleie som kom ut i 1985 oppstår det eit brudd. Frå 1985 og fram til vår tid (2022) er ikkje ernæring noko som skal føreskrivast av legar. Lærebøker i grunnleggjande sjukepleie og i gastrosjukepleie baserer houvudsakleg sine posisjoneringar om ernæring på viten frå ernæringsfysiologar. På bakgrunn av analysane er det generert ein teori om at bakgrunnen for at det er lite fokus på ernæring når pasientar med ulcerøs kolitt er innlagde ved ei medisinsk mage-tarm avdeling ved eit større norsk universitetssjukehus, er at frå 1985 har ikkje kunnskap om ernæring blitt rekna som medisinsk viten. Ernæring har med andre ord tapt sin plass som høgverdig medisinsk viten med tilhøyrande plass i dei akademiske hierarkia. Eg og andre sjukepleiarar ved den aktuelle medisinske gastroavdelinga ser ut for å ha underlagt oss den medisinske logikken, med tilhøyrande lite fokus på ernæring ved ulcerøs kolitt og mykje fokus på medisinske behandlingsteknologiaren_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectsykepleieen_US
dc.subjecternæringen_US
dc.subjectulcerøs kolitten_US
dc.subjectpraxeologien_US
dc.subjectdoxaen_US
dc.titleSjukepleiarfaget sine ernæringsråd ved ulcerøs kolitt – eit praxeologisk historisk perspektiven_US
dc.title.alternativeNursing’s nutritional advice in ulcerative colitis – a praxeological historical perspectiveen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMSS590en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal