Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkattkjær, Solveig
dc.date.accessioned2023-07-31T06:00:23Z
dc.date.available2023-07-31T06:00:23Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3081873
dc.descriptionMaster i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing. Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskap.en_US
dc.description.abstractDet har vore stilt spørsmål om spesialundervisning gitt i norske grunnskular har ønska effekt, og fleire rapportar og politiske dokument har kome med både analysar og forslag til løysingar på korleis skule og PPT bør jobbe med dette (Barneombudet, 2017; Kunnskapsdepartementet, 2019; Nordahl, 2018; Wendelborg, Caspersen & Kongsvik, 2015). Denne oppgåva ser nærare på korleis ein skule har løyst samarbeid om pedagogisk systemarbeid med PPT. Problemstillinga har vore: Korleis opplever og handterer skuleleiarar og PP-rådgjevarar samarbeidet om pedagogisk systemarbeid? Ut frå kvalitative intervju med skuleleiar, PP-rådgjevar og skulerådgjevar, har eg fått eit innblikk i deira tankar og om organisasjonslæring og pedagogisk systemarbeid. Eg har også fått teke del i korleis dei handterer dette samarbeidet. Analyseresultata viser at samarbeidet om pedagogisk systemarbeid heng tett saman med organisasjonslæring i profesjonelle læringsfellesskap. Skulen eg har undersøkt har gjennomført fleire organisatoriske endringar for å få dette samarbeidet til å fungere. Skulen har ein fast PP-rådgjevar som er på skulen i 1,5 – 2 dagar per veke. PP-rådgjevar har tett kontakt med lærarane, ho deltek i utviklingsøktene og er med på ressursteamet skulen har oppretta. Saman med ein frå skuleleiinga observerer ho i klasserommet etter avtale med lærarane. I etterkant av observasjonane har dei rettleiing med lærarane. I tillegg til dei fastsette strukturane, viser analyseresultata kor viktig skuleleiinga er for at skule og PPT skal få til eit pedagogisk systemarbeid. Leiaren må vere tett på, gi retning for arbeidet og samstundes stille tydelege forventningar til dei tilsette. Resultata viser også kor viktig det er at rektor gir legitimitet til PP-rådgjevar og til ein eventuell mellomleiar som skal ha ansvar i dette arbeidet. Skuleeigar har ein strategiplan og rutinar som gjer skulen sitt arbeid mogleg.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titlePedagogisk systemarbeid skule – PPT: Ei kvalitativ undersøking av samarbeidet mellom skule og pedagogisk psykologisk teneste (PPT)en_US
dc.title.alternativeAn Educational System-Based Approach Between Schools and ECS - Qualitative research on Collaboration Between Schools and The Norwegian Educational and Counseling Service (ECS)en_US
dc.typeMaster thesisen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal