Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaug, Synnøve
dc.date.accessioned2023-05-10T13:00:23Z
dc.date.available2023-05-10T13:00:23Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3067511
dc.descriptionMaster i organisasjon og ledelse, Høgskulen på Vestlandeten_US
dc.description.abstractMasterprosjektet rettar søkjelys på korleis rektorar leier si profesjonsgruppe i iverksetting av nytt læreplanverk. Stortingsmelding 28 (2015-2016) "Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskaspløftet" skisserer i forarbeida til nytt læreplanverk dei høge ambisjonane til Noreg som kunnskapsnasjon. Meldinga legg vekt på at leiing av utvikling og læringsprosessar i skulen er vesentleg for å skape og halde oppe god kvalitet i opplæringa. Målet med studien er å etablere auka innsikt i kva strategiar rektorar i barneskulen nyttar i samspel med lærarkollegiet for at det nye læreplanverket kan legge grunnlag for vidare utvikling av undervisning og læring i klasserommet. Forskingsspørsmåla i studien er utvikla med tanke på å undersøkje kva forståing rektorane har av det nye læreplanverket, og korleis dei nyttar denne forståinga i leiing av profesjonsfellesskapet, og korleis dei legg opp kompetanseheving (DeKomp) som er knytt til læreplanreforma. Kvalitativ metode ved bruk av intervju er nytta for å få fram rektorane sine erfaringar og refleksjonar. Fem rektorar frå mellomstore grunnskular er intervjua. Dei empiriske funna er drøfta ved hjelp av teoriar om individuell og organisatorisk læring og teoretiske perspektiv på leiing og iverksetting. Sentrale teoretiske bidrag om læring og leiing representert ved Peter Senge (1999) og Argyris og Schön (1996). Distribuert leiing er belyst ut i frå James Spillane (2005) og Aas og Paulsen (2017). Når det gjeld iverksetting i skulen er Kjell Arne Røvik sine forskingsbidrag sentrale (Røvik et al., 2014). Funna i studien indikerer eit bilete av dynamiske spenningar som rektor arbeide innan ved iverksetting av nytt læreplanverk. Gjennom den kvalitative undersøkinga som er gjennomført, kjem det til uttrykk medvitne leiarstrategiar som kan legge til rette for produktivt arbeid med iverksetting i eit nært samspel mellom rektor, personalet på skulen, det kommunale leiarnivået og UH-sektoren. Sentrale element ser ut til å vere aktiv bruk av distribuert leiing, systematisk kopling mellom teori og praksis, proaktive tilnærmingsmåtar og etablering av lærande nettverk både på leiar- og lærarnivå. På same tid, klargjer også studien forhold som kan gjere arbeidet med innføring av nytt læreplanverk utfordrande. Uforpliktande individualisme i profesjonsgruppa og svak samanheng mellom teori, overordna prinsipp og klasseromspraksis kan fungere kontraproduktivt. Like eins kjem det fram som ei utfordring om kommunenivået og UH-sektoren si tilnærming til kompetansetiltak i liten grad er forankra i reelt kartlagde behov ute i skulaneen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleKorleis leier rektorar profesjonsgruppa i iverksetting av nytt læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020?en_US
dc.title.alternativeHow do principals lead their professional group in implementing the new curriculum Kunnskapsløftet 2020?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal