Erfaringar med VR som fysioterapitiltak i rehabilitering av hjerneslagpasientar. Ein intervjustudie
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3060235Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Import fra CRIStin [3580]
- Institutt for helse- og omsorgsvitskap [2721]
Originalversjon
Fysioterapeuten. 2022, 89 (6), 24-30.Sammendrag
Hensikt: Hensikten med prosjektet var å få kunnskap om korleis pasientar med akutt hjerneslag opplever å trene opp balanse, hurtigheit, koordinasjon og armfunksjon i eit virtuelt rom ved bruk av VR-briller og handkontrollar, og om dette bidreg til å styrke motivasjonen for trening.
Metode: Prosjektet er organisert som eit internt forbetringsprosjekt. VR-trening har vore utført som ei eiga økt i tillegg til den konvensjonelle fysioterapioppfølginga. Åtte deltakarar vart intervjua etter fullført treningsperiode med utgangspunkt i ein semi-strukturert intervjuguide. Stegvis-deduktiv induktiv metode vart nytta for å analysere datamaterialet.
Funn: Alle deltakarane opplevde VR-treninga som særs engasjerande, motiverande og nyttig. Fire tematikkar oppsummerar deltakarane si erfaring: 1) Informasjon og opplæring: Vanskeleg å beskrive, må opplevast, 2) Opplevinga: Eit rom utanfor tid og sjukdom, 3) Nytteverdi: Motivert av konkurranse og opplevd framgang – «Eg fekk meir», 4) Forbetringar: Teknisk utfordringar, enklare brukargrensesnitt og variasjon.
Konklusjon: Opplevinga av å gå inn i ei «boble» der tid og stad blir noko «utanfor det normale» gjev ein positiv oppleving som påverkar motivasjon. Deltakarane observerer og at treninga gjev progresjon. VR-trening erfarast som trygt for pasientane innafor den tilrettelagde ramma og kan tilrådast som eit supplerande tiltak i rehabiliteringa.
Nøkkelord: Fysioterapi, virtuell realitet, hjerneslag, intervju, motorisk funksjon.