Med heimstaddialekten i bagasjen? Om korleis målføresynopsisen og folketeljingane kan brukast i historisk sosiolingvistikk
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3058582Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Artikkelen tek utgangspunkt i ei teoretisk problemstilling som gjeld faktorane som spelar inn i koinéformingsprosessar, nemleg om det er ein direkte samanheng mellom dialektbakgrunnen til innflyttarane til ein ny stad og språktrekka som blir brukte i den nye dialekten som etterkvart veks fram. Dette spørsmålet blir testa med å kombinere folketeljinga frå den nye byen Narvik i 1900 og målføresynopsisen sine presise data om tradisjonelle dialektar i Noreg. Medan mange tidlegare forskingsprosjekt om talemål i industristader og liknande nye byar har konkludert med at innflyttarane sine talemål har vesentleg innverknad på sluttproduktet av koinéformingsprosessen, viser denne undersøkinga at dialektane som innflyttarane hadde med seg i bagasjen frå heimplassen sin, ikkje kan ha hatt direkte innverknad på korleis språktrekket som vert undersøkt her, er realisert i den nye koinéen.