Kva skal til for at distriktskommunar skal lykkast med kommunalt akutt døgnopphald?
Abstract
Bakgrunn: Samhandlingsreforma vart innført i 2012. Reforma gjev kommunane eit større
ansvar for helsetenestene. I 2011 kom det ny lov om Helse- og omsorgstenester, § 3.5 gir
kommunane plikt til å tilby øyeblikkeleg hjelp døgnopphald. (I studien nyttast omgrepet
Kommunalt akutt døgnopphald). Plikta trer i kraft januar 2016. Mange kommunar har
etablert denne typen tilbod frå 2012-2015 då regjeringa har vektlagt ei gradvis innføring.
Andre kommunar har enno ikkje etablert denne typen tilbod.
Mål: Målet med studien er å få kunnskap om korleis ein einskild distriktskommune har
lykkast med oppstart og drift av kommunalt akutt døgnopphald, og kva som eventuelt har
bidrege til det.
Metode: Det er i studien nytta kvalitativ metode, med semistrukturerte, individuelle intervju.
Tre profesjonsarbeidarar som arbeider i kommunalt akutt døgnopphald har vorte intervjua. I
analysen av datamaterialet vart det nytta systematisk tekstkondensering som
analysemetode.
Resultat: For å kunne lykkast med kommunalt akutt døgnopphald i ein distriktskommune er
det nødvendig med samhandling. Særleg samhandling med spesialisthelsetenesta, andre
aktørar innan kommunehelsetenesta og samhandling innan eiga avdeling er vektlagt. Vidare
er det nødvendig med engasjerte medarbeidarar innan kommunen, og det at kommunen
innehar personell med kunnskap og kompetanse på området.
Konklusjon: Samhandling, engasjement, kunnskap og kompetanse vert sett på som
avgjerande for å lykkast med kommunalt akutt døgnopphald. Studien kan gi ein
overføringsverdi til eigen og andre kommunar som enno ikkje har etablert denne typen tilbod.
Description
MS1-306 Mastergrad i samhandling innan helse- og sosialtenester