Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHagenes, Astri J.
dc.date.accessioned2015-09-25T10:58:37Z
dc.date.available2015-09-25T10:58:37Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/302011
dc.descriptionMS1-307 Masteroppgåve i samhandling innan helse- og sosialtenesternb_NO
dc.description.abstractBakgrunn: Spesialisthelsetenesta har dei siste åra har gått gjennom ei rekke endringar når det gjeld utskriving av pasientar frå sengepost. Nye endringar krev at dei ulike ledda i helsetenesta skal jobbe betre saman mot felles mål. For å klare dette må samhandling skje på fleire plan og mellom fleire yrkesprofesjonar. Når sjukepleiarane skal imøtekomme krava som dannar grunnlag for denne samhandlinga, krev det kunnskap av ulik type og på fleire områder. Hensikt: Oppgåva søkjer å beskrive korleis sjukepleiarane erfarer dei kunnskapsmessige utfordringane i kvardagen når det kjem til samhandling rundt utskriving av ein pasient frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenesta. Problemstilling: ”Korleis erfarer sjukepleiaren dei kunnskapsmessige utfordringane knytte til samhandling ved utskriving av ein pasient frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenesta?” Metode: Det er gjennomført individuelle kvalitative intervju med 5 sjukepleiarar frå ein sengepost i spesialisthelsetenesta. Innsamla data er analysert etter hermeneutiske prinsipp gjennom systematisk tekst kondensering. Resultat: Studien avdekka og belyser at det framleis er nokre uløyste oppgåver i høve arbeid med å auke kunnskap og kompetanse fagleg og tverrfagleg blant sjukepleiarar. Ulike typar for kunnskap er nødvendig for å klare å samhandle i høve utskriving av pasientar, og mangel på kunnskap gjev sjukepleiaren ei kjensle av å være utrygge i jobben sin. Konklusjon: Det kjem fram av studien at sjukepleiarane erfarer ufordringar både i forhold til samhandling med andre yrkesgrupper, og at tid til å oppdatere seg på kunnskap ikkje strekk til i ein travel kvardag. Når dei manglar kunnskap for å kunne utføre ein fagleg kompetent jobb, må dei stole på at det er nokon andre på jobb som har kunnskap om aktuelt tema. Dette viser at det er eit reelt behov for auka merksemd rundt nødvendige tiltak for å styrke kompetansen, og den tverrfaglege kunnskapen blant sjukepleiarane.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectsjukepleienb_NO
dc.subjectkunnskapnb_NO
dc.subjectsamhandlingnb_NO
dc.subjectutskriving av pasientnb_NO
dc.titleSentrale utfordringar ved samhandling i høve utskriving av pasient frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenestanb_NO
dc.title.alternativeKey challenges with collaboration when discharging patient from specialist health care to the municipality health care servicesnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber44nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel