Marknadsføring i den norske eigedomsmeklarbransjen
Abstract
Hensikta med denne masteroppgåva er å dykke i djupna kring marknadsføring i den norske eigedomsmeklarbransjen frå eit perspektiv om dagens tilbod, men også marknadsføringa sin verknad på interessentar og kva som vil prege bransjen i framtida. Oppgåva sine funn definera seg på semi-strukturerte intervju med eit intervjuobjekt frå Finn.no, PrivatMegleren, DNB Eiendom og Eiendomsmegler 1 Midt-Norge.
Det teoretiske rammeverket i denne oppgåva har vert kring temaet av oppgåva, samt relevante bidrag for å gi oppgåva djupa som trengs i høve diskusjon til informantane sine bidrag. Teorien har bestått av marknadsføring, verknadane hos interessentane, tilbude hos aktuelle aktørar og det som kan vere framtida innan marknadsføring. Teorien legger klare føringar på forskingsspørsmåla og legg til grunne gode føresetnadar for diskusjon og konklusjon.
I oppgåva er det gjort funn basert på informantane sin støtte til teori at marknadsføringa gir ein positiv effekt mot sal og vidare verdi for kundane. Til tross for stor at aktørar annonsera på same plattformar, er det eit avvik i teknologi som tale til fordel for dei som nyttar seg av kunstig intelligens. Teori og praksis korrelerer positivt saman og baserer seg på dei same faktorane når det kjem til marknadsføring sin effekt mot interessentar. Og til slutt vart det identifisert at bransjen i Norge heng godt med i utviklinga mot større nytte av kunstig intelligens i marknadsføring som vil prega framtida.
Description
Master of Science in Business, Faktultet for Økonomi- og Samfunnsvitenskap