Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNydal, Laila Marie
dc.date.accessioned2015-09-15T11:17:42Z
dc.date.available2015-09-15T11:17:42Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/299997
dc.descriptionMR – 691 Masteroppgåve i organisasjon og leiingnb_NO
dc.description.abstractUtgangspunktet for oppgåva var å evaluere fylkeskommunen si satsing på vurdering for læring, noko som har vore gjennomført ved alle dei vidaregåande skulane i fylket, som ein del av den store nasjonale satsinga. Problemstillinga blei formulert slik: På kva måte og av kva grunnar har den nasjonale satsinga på vurdering for læring fått innverknad på læraren sin vurderingspraksis og vurderingskultur i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane? Kunnskapsdepartementet ynskte å utvikle vurderingskompetansen til lærarane i grunnopplæringa gjennom satsinga vurdering for læring. Skuleeigar har ansvar for å implementere dette arbeidet på den einskilde skule. Formålet med praktisering av vurdering for læring er meir effektiv læring, og auka læringsutbytte for alle elevane. Oppgåva byggjer på Black og Wiliam sin teori om formativ vurdering. Hattie og Timperley sin teori om feedback og sjølvregulering, samt utvikling av profesjonskompetanse i forhold til vurdering. Skuleeigar sitt arbeid med skuleutvikling gjennom initiering, implementering og institusjonalisering. Irgens utviklingshjul for ein skule i rørsle, kollektiv utvikling og kapasitetsbygging er også nytta. Kvantitativ forskingsstrategi med eit tverrsnittdesign vart nytta som metode. Spørjeundersøking ved hjelp av Questback blei gjennomfør blant lærarane ved fire vidaregåande skular, med ein svarprosent på 40,31%. Statistikkprogrammet «Statistics Package Social Sciences» (SPSS), blei nytta for å arbeide med det empiriske materialet. Hovudfunn i denne oppgåva visar at: Elevvurdering er eit område 1 av 4 lærarar ikkje klarar å ivareta godt nok, sjølv om elevane har ein juridisk rett på å vere delaktige i vurderingsarbeidet. Skulane sin vurderingskultur og vurderingspraksis viser ein svak positiv utvikling, enkelte skular er komet lengre enn andre. Lærarane sin vurderingspraksis i forhold til at elevane skal kjenne til mål for det dei skal lære, kriterium for vurdering og tilbakemelding er tilfredstillande. Framovermelding blir og godt ivaretatt, sjølv om 27% synes det er krevjande å gje gode framovermeldingar. Det er lærar utan godkjenning og lærar/faglærar som kjem best ut på indeks tilbakemelding, framovermelding og elevvurdering, medan lektorgruppa kjem dårligast ut på indeks mål/kriterium, tilbakemelding og framovermelding. Mange lærarane har klart å integrere enkelte element av det vurdering for læring handlar om i sin vurderingspraksis, men elevinvolvering i vurderingsarbeidet er ikkje godt nok integrert.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectVurdering for læring
dc.subjectFeedback
dc.subjectEgenvurdering
dc.subjectSkoleutvikling
dc.subjectKollektiv kapasitet
dc.subjectImplementering
dc.titleVurdering for læring og læraren sin vurderingspraksis: Ein kvantitativ studie blant lærarar i vidaregåande skule i Sogn og Fjordanenb_NO
dc.title.alternativeFormative assessment and the teacher's evaluation practice: A quantitative study amongst teachers in upper secondary schools in Sogn og Fjordane countynb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber128nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel