Show simple item record

dc.contributor.authorAlfsvåg, Leif Steinar
dc.contributor.authorNyen, Siri
dc.contributor.authorSøvik, Margrethe Bakstad
dc.date.accessioned2022-06-17T11:16:55Z
dc.date.available2022-06-17T11:16:55Z
dc.date.created2022-02-09T12:25:22Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.citationAlfsvåg, L. S., Nyen, S. & Søvik, M. B. (2022). Korleis sjukepleiarar brukar praksiserfaringar frå Madagaskar seinare i arbeidslivet. Sykepleien Forskning, 17.en_US
dc.identifier.issn1890-2936
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2999303
dc.description.abstractBakgrunn: Det er eit nasjonalt mål at halvparten av alle studentar skal ha eit utanlandsopphald i løpet av studietida. Studentutveksling har vist seg å vere viktig for å oppnå interkulturell kompetanse, men det manglar kunnskap om korleis sjukepleiarane nyttar denne kompetansen i framtidig arbeid. Slik kompetanse er sentral for å møte behovet om likeverdige helse- og sosialtenester i eit fleirkulturelt samfunn. Føremål: Føremålet med studien var å utvikle kunnskap om korleis norske ferdigutdanna sjukepleiarar brukar erfaringar frå praksisopphald i det globale sør, i arbeidslivet. Metode: Studien har eit kvalitativt design der det er nytta både opne spørsmål i eit spørjeskjema (n = 77) og individuelle intervju (n = 4) av ferdig utdanna sjukepleiarar som i studietida hadde praksis på Madagaskar. Dataa blei samla inn ved elektroniske spørjeskjema i mai 2020 og intervju hausten 2020. Her fekk informantane spørsmål om praksisoppholdet på Madagaskar, og korleis dei brukar læringsutbytta frå praksis inn i arbeidslivet. Resultat: Studien viser at erfaringar frå praksisopphald i det globale sør gir interkulturell kompetanse, men òg personleg og fagleg vekst. I etterkant peikar informantane på at dei som ferdigutdanna sjukepleiarar prøver å ha ei bevisst tilnærming til minoritetspasienten, ettersom dei hugsar korleis det kjendest å vere den som kom utanfrå. Perspektivet takksemd, som i stor grad er knytt til oppleving av ulikskapar i helsetenesta, har for mange gitt motivasjon til å arbeide for å realisere likeverdige helse- og omsorgstenester. Konklusjon: Studien viser at sjukepleiarane har tileigna seg interkulturell kompetanse gjennom praksisperioden på Madagaskar. Dei rapporterer at dei brukar denne kompetansen aktivt i møte med pasientar frå andre kulturar. Funna våre indikerer at tidlegare utanlandsstudentar kan få ei brubyggjarrolle der dei ser behova til minoritetspasienten, samtidig som dei kan tilpasse dei til ein norsk kontekst. Dette kan tyde på at praksisutveksling til det globale sør også i framtida bør ha ein sentral plass i norsk sjukepleiarutdanning.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorsk Sykepleierforbunden_US
dc.titleKorleis sjukepleiarar brukar praksiserfaringar frå Madagaskar seinare i arbeidsliveten_US
dc.typePeer revieweden_US
dc.typeJournal articleen_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.subject.nsiVDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800::Sykepleievitenskap: 808en_US
dc.source.volume17en_US
dc.source.journalSykepleien Forskningen_US
dc.identifier.doi10.4220/Sykepleienf.2022.88305
dc.identifier.cristin1999480
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal
cristin.qualitycode1


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record