Smertelindring i heimen
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/286006Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
God symptomlindring og kunnskap om palliasjon er noko som sjukepleiar må ha kunnskap om. For å belyse kor viktig ein god relasjon mellom sjukepleiar og pasient er har vi brukt Joyce Travelbee sin teori om menneske til menneske forholdet. Like viktig som medikamentell behandling er det at sjukepleiaren har ferdigheter i kommunikasjon, da smerte er ein subjektiv oppleving som berre kan kartleggast gjennom kommunikasjon med pasienten. Fokus i oppgåva er at gjennom kommunikasjon, relasjon, tverrfagleg samarbeid og gode kartleggingsverktøy kan vi som sjukepleiarar bidra til at pasienten kan få ei god smertelindring i heimen. Vi har mellom anna drøfta korleis sjukepleiar kan kartlegge pasienten si smerte ved bruk av kartleggingsverktøy som ESAS-r, VAS og smertekart. Både forskingsartiklar og litteratur peikar på viktigheita av at sjukepleiar bruker tid på å informere pasienten om korleis han svarer på dei ulike skjema. Vi har ved hjelp av faglitteratur, forsking og sjølverfarte opplevingar reflektert over korleis vi som sjukepleiarar kan bidra til at palliative pasientar kan få ei god smertelindring. Drøftinga byggjar på fleire pasientkasuistikkar vi har opplevd i praksis, og vi nyttar oppgåva til reflektere over kva som fungerte i dei ulike situasjonane.
Beskrivelse
Sjukepleie, Bachelorstudium Sk152 2015